Kils kommun
Kils kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Värmlands län | ||
Landskap | Värmland | ||
Del av | Värmland, Q61570093, Värmland judicial district | ||
Areal | 406,87 km² | ||
• land | 359,73 km² | ||
• vatn | 47,14 km² | ||
Folketal | 11 681[1] (2011) | ||
Kils kommun 59°30′00″N 13°18′59″E / 59.5°N 13.316388888889°E | |||
Kart som viser Kils kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Kil Municipality |
Kils kommun er ein svensk kommune i Värmlands län. Administrasjonsstaden er Kil. Kommunen grensar til Karlstad i sør, Forshaga i aust, Arvika i vest, Grums i sør og Sunne i nord.
Administrativ historie
Kils kommun vart oppretta ved kommunreformen i 1971 gjennom samanslåing av landskommunane Stora Kils og Frykeruds landkommunar i tillegg til Boda landskommun frå den oppløyste Brunskogs landskommun. Resten av Brunskogs landskommun vart lagt til Arvika kommun. I Stora Kil fanst det i 1901-1962 eit municipalsamhälle med namnet Kil.
Kommunevåpen
Våpenet til Kil kommune viser ein blå kile på sølvfarga bakgrunn. Dette er eit såkalla talande våpen. Det vart godkjent for dåverande Stora Kil i 1963 og vart overtatt av den nye kommunen i 1971. Nyregistrering etter den nye lova om skydd for kommunale våpen hende i 1974.
Skolar
Sannerudsskolan er ein barne- og ungdomsskule i Kils kommun. Han er ein av dei største ungdomsskulane i Värmland. Andre skular i Kil er Stenåsen, Viksta og Dalliden. Det finst andre skolar i dei andre tettstaden med namn etter staden (til dømes Tolitaskolan, Fageråsskolan og Bodaskolan), i tillegg til at det finst ein ekstra skole (SPG).
Stader i kommunen
Tettstader
|
Landsbyar |
Folketalsutvikling
Folketalsutviklinga i Kils kommun 1810-2010 | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggarar | |||
1810 | 5 123 | |||
1820 | 5 821 | |||
1830 | 6 659 | |||
1840 | 7 454 | |||
1850 | 8 296 | |||
1860 | 8 979 | |||
1870 | 9 310 | |||
1880 | 9 963 | |||
1890 | 8 931 | |||
1900 | 8 580 | |||
1910 | 8 094 | |||
1920 | 8 269 | |||
1930 | 7 941 | |||
1940 | 7 456 | |||
1950 | 7 575 | |||
1960 | 7 651 | |||
1970 | 8 292 | |||
1980 | 11 171 | |||
1990 | 12 221 | |||
2000 | 11 912 | |||
2010 | 11 706 | |||
Källa: Statistiska centralbyrån - Folkmängd efter region och tid och DDB UMU. |
- All statistikk baserer seg på dagens kommunegrense.
Foreiningsliv
I Kil finst det mange aktive foreiningar. Eit døme er Kils slalomklubb som er ein stor og populær skiskole for både barn og vaksne. Stefan Holm tevla i sin aktive karriere for Kils AIK friidrott.
Kjende personar frå Kil
- Bengt Bratt, manusforfattar
- Kenneth Hamberg, teiknar
- Harry Nyquist, matematikar
- Bengt Alsterlind, fjernsynsperson
- Per Åslund, hockeyspelar i Färjestad bk og Tre Kronor
- Anders Nilsson
- Bengt Nilsson
- Markus Larsson, utforkjørar med to verdscupssigrar.
Anna
Første jernvegen i Sverige blei bygd i Kil. Sjå Frykstadbanan.
Venskapsbyar
Kils kommun har desse venskapsbyane:
I Norden:
Utanfor Norden:
Sjå òg
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kils kommun» frå Wikipedia på svensk, den 9. oktober 2011.
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.