James Carter
Utsjånad
James Carter | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 7. mai 1978 (46 år) Baltimore |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
James Carter (fødd 7. mai 1978) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Baltimore som spesialiserte seg på 400 meter hekk. Han vann sølvmedaljen i øvinga ved VM i friidrett 2005.
Aktiv
Carter vart fjerdemann på langhekken både under Sommar-OL 2000 og OL 2004. I mellomtida, sesongen 2002, vann han IAAF-turneringa i øvinga. Han gjorde sitt livs løp i VM-finalen i Helsinki der han sette personleg rekord med tida 47,43 sekund og sikra seg sølvmedaljen. I den neste verdsmeisterskapen, i Osaka i 2007, vart han atter ein gong nummer 4 på 400 m hekk.
Carter vart USA-meister på langhekk i 2002, 2004 og 2007.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- OL 2000 i Sydney: Nr 4 – 48,04
- VM 2001 i Edmonton: Utslått i semifinalane (49,38=nr 14)
- OL 2004 i Aten: Nr 4 – 48,58
- VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje – 47,43, bakom Bershawn Jackson (47,30)
- VM 2007 i Osaka: Nr 4 – 48,40
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «James Carter (hurdler)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2022.
- «James Carter» (på engelsk). Olympedia. Henta 11. mars 2023.