Grimsby
Grimsby | ||
---|---|---|
Grimsby Dock Tower | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Lincolnshire | |
Distrikt | North East Lincolnshire | |
Grunnlagd | 800-talet | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
87 701 | |
Koordinatar | 53°33′N 0°4′W / 53.550°N 0.067°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | DN31 - DN34, DN35, DN37 | |
Telefon-retningsnummer | 01472 | |
Grimsby er ein hamneby ved utløpet av Humber i Lincolnshire i England, med 85 - 90 000 innbyggjarar. Han har vore administrasjonssenter for North East Lincolnshire (område med sameint styresmakt sidan 1996. For å skilje han frå Little Grimsby som ligg 22 km lenger sør, vart byen ofte kalla «Great Grimsby».
Historie
Det seiast at byen vart grunnlagt av ein dansk fiskar ved namn Grim på 800-talet. På 1100-talet utvikla byen seg til eit handlesenter og ei fiskerihamn. Han var nummer 12 i rekkja av skattebetalarar til kongen, og fekk grunnleggingsbrevet sitt av Johan av England i 1201. Byen har aldri hatt bymurar, han var for liten til det, og dessutan var han verna av det sumpete omlandet rundt byen. Men han hadde ei vollgrav i mellomalderen. Frå 1500-talet kom byen inn i ei nedgangstid som varte heilt til 1800-talet. I 1801 var folketalet 1524, same tal som i mellomalderen. Men etter det har byen vakse mykje.