Hopp til innhald

Gaustatoppen

Koordinatar: 59°51.25′N 8°38.95′E / 59.85417°N 8.64917°E / 59.85417; 8.64917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Gaustatoppen
fjell
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommunar Tinn, Hjartdal
Høgd 1 883 moh.
Primærfaktor 950 m
Koordinatar 59°51.25′N 8°38.95′E / 59.85417°N 8.64917°E / 59.85417; 8.64917
Kart
Gaustatoppen
59°51′15″N 8°39′01″E / 59.854138888889°N 8.6503333333333°E / 59.854138888889; 8.6503333333333
Wikimedia Commons: Gaustatoppen

Gaustatoppen eller Gausta er eit fjell på 1883 moh. som ligg i Tinn kommune i Telemark fylke. Det ligg rett sørom Rjukan. Fjellet var det høgaste i tidlegare Telemark fylke.

Gaustatoppen er det punktet i Noreg med størst utsikt, målt i kvadratkilometer. Under ideelle forhold har ein utsikt over eit område på 50 000 km²[1], om lag ein sjettedel av arealet av fastlands-Noreg. Til samanlikning kan ein frå Galdhøpiggen (2469 moh) sjå om lag 35 000 km²

Nær toppen ligg Gaustatoppen turisthytte, populært kalla Gaustahytta. Hytta har enkel servering kvar dag i sommarsesongen og nokre helger utover hausten. Toppen vert vitja av 25000 menneske i året. Gaustatoppen er det høgaste fjellet sør for Jotunheimen, med unntak av Hallingskarvet (1933 moh) som ligg på den andre sida av Hardangervidda, Høgeloft (1920 moh) og Ranastonge (1900), begge i Hemsedal.

Ein kjem til toppen ved å køyre frå Rjukan mot Gaustablikk og Gaustablikk Høyfjellshotell. Inne i fjellet går det ein sesongopen bane som frakter folk frå Langefonn ved foten av fjellet og opp til toppen.

Bilde av Gaustatoppen

Kjelder

Refereransar