Fareham
Fareham | ||
---|---|---|
Fareham handlesenter | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Hampshire | |
Distrikt | Fareham | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
57 896 | |
Koordinatar | 50°51′N 1°11′W / 50.850°N 1.183°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PO14 - PO15 | |
Telefon-retningsnummer | 01329 | |
Fareham er ein marknadsby i det søraustlege Hampshire i England, mellom Southampton og Portsmouth. Han er administrasjonssenter for distriktet Fareham. Andre byar i nærleiken er Gosport i sør, Portchester i aust og Wickham i nord. Distriktet har totalt 108 972 innbyggjarar (2002).
Byen ligg på leire, og dette har ført til at produksjon av teglstein, takstein og pipeelement har vore ein viktig næringsveg. Teglsteinane Fareham Red er velkjente i England, og er blant anna brukt til å bygge Royal Albert Hall i London. Hovudnæringsvegen er no handelsbedrifter. I tillegg har mange bedrifter plassert sine servicetelefonsentralar i Fareham.
Byen ligg ved nordvestenden av Portsmouth hamn, og elva Wallington renn fordi Fareham og ut i hamneområdet. Av den grunn har Fareham òg ei rik maritim historie. Royal Navy har sjøkrigsskulen sin der, med over 2000 elevar.
Fareham har alltid blitt overskugga av naboane sine, og sjølv om byen har opplevd stor vekst og har mange innbyggjarar er det liten grunn til å tru at han får status som city i nær framtid.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Fareham» frå Wikipedia på bokmål, den 13. juli 2011.