Akureyri
Akureyri | |||
by | |||
Land | Island | ||
---|---|---|---|
Areal | 138 km² | ||
Folketal | 19 893 (1. januar 2023)[1] | ||
Akureyri 65°41′00″N 18°06′00″W / 65.683333333333°N 18.1°W | |||
Wikimedia Commons: Akureyri |
Akureyri er ein islandsk by og kommune. Han er med dei 17 253 innbyggarane sine (desember 2007) den fjerdestørste byen på Island, etter Reykjavík, Hafnarfjörður og Kópavogur. Byen ligg i fylket Norðurland eystra ved riksveg 1 (Hringvegur, ringvegen), og har au eigen flyplass. Kommunenamnet er Akureyrarbær (Akureyriby).
Under andre verdskrigen var delar av den norske 330-skvadronen utstasjonert i Akureyri.
Historie
Vikingen Helgi Magri Eyvindarson slo seg ned på staden på 800-talet. Den fyrste historiske kjelda som nemner Akureyri er ein dom frå 1562 der ei kvinne blei dømd for utruskap. På 1600-talet slo danske handelsfolk seg ned i Akureyri, i hovudsak på grunn av den gode naturlege hamna og det gode jordbrukslandet i området. Danskane bodde likevel ikkje i Akureyri heile året. Om vinteren blei husa låst og handelsmennene reiste heim. I 1778 blei det permanent busetnad i Akureyri, og åtte år seinare gav kongen av Danmark-Noreg staden kommunestatus, saman med fem andre stader. Kongen håpa å betre levevilkåra til islendingane, for til da hadde enda ikkje Island hatt bysentra. Det hjelpte likevel ikkje for Akureyri, staden økte ikkje frå innbyggartalet på tolv.
I 1836 mista staden statusen sin som kommune, men fekk han tilbake i 1862. Deretter begynte Akureyri å vokse, på grunn av den gode hamna, og ikkje minst på grunn av det gode jordbruket. Ein industri for vidareforedling av jordbruksprodukt voks fram og blei hjørnesteinen i byen. Gjennom 1900-talet trekte folk på Island inn mot byane, og Akureyri fekk sin del av desse nye byborgarane. Handels- og tenestenæringar har sidan vakse fram som dei viktigaste sysselsettingsområda, etter at produksjonsbedriftene har gått tilbake sidan 1990.
Dei siste ti åra har fiskeindustri blitt meir viktig i Akureyri ettersom to av dei største fiskeribedriftene på Island, Samherji og ÚA, har hovudkontora sine her.
Universitetet i Akureyri, Háskólinn á Akureyri, blei opna i 1987 og har veksande studenttal. Spesielt mange studentar er fjernstuderande.
Akureyri er vennskapsby med Ålesund.