Hopp til innhald

Zóg nit kein mól

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 22. mars 2009 kl. 17:25 av Alexbot (diskusjon | bidrag) (robot la til: fr:Zog Nit Keynmol)

Zóg nit kein mól er dei første orda i den mest berømte av dei jødiske partisansongane frå andre verdskrigen. Den heiter da også opphavleg Partizanerlid, og teksten er skriven av den unge diktaren Hirsch Glik (eller Hirsh Glik) frå Vilne/Wilno/Vilna/Vilnius i Litauen. Han skreiv orda så dei passa ein fengande melodi laga av Pokras-brørne, jødiske komponistar frå Sovjetunionen.

Glik og andre jødar frå ghettoen i den nazi-okkuperte byen danna ei motstandsgruppe dei kalla Fareinikte Partizaner Organizatsie/Fareynigte Partizaner Organizatsye (FPO) på jiddisk (jiddisch/yidish), truleg fordi dei kom frå ulike politiske grupper, der var både kommunistar, bundistar og som Glik sjølv, medlemer av den venstresionistiske rørsla Hashomer Hatzair. Etter at ghettoen blei utsletta av nazistane, heldt dei som kom seg unna fram med partisanverksemd frå skogane kring byen. Glik hadde publisert dikt på både hebraisk og jiddisk før krigen, men det diktet som har udødeleggjort han er denne songteksten. Orda som handlar om aldri å gi seg, aldri å gi opp håpet, om å kjempe vidare.

Saman med den italienske anti-fascistiske partisansongen Bella Ciao, er Partizanerlid den internasjonalt kanskje mest kjende motstandssongen frå andre verdskrigen.

Glik mista livet i krigen, han blei drepen i 1943 eller 1944.

Norske omsetjingar

Songen til Hirsch Glik har verka fengjande på mange, også ein norsk diktar som Georg Johannesen. Hans gjendikting av songen, som han kalla Jødisk partisansang, er blitt kjent og kjært for mange nordmenn.

Lenkjer til norske gjendiktingar