Hopp til innhald

Dnister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 7. februar 2009 kl. 07:19 av LaaknorBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: yi:נעסטער)
Dnestr
elv
Dnestr ved Tiraspol
Land Ukraina, Moldova
Nedslagsfelt 72 100 km² km²
Lengd 1 362 km km
Middelvassføring 310 m³/s /s
Kjelde Dei ukrainske Karpatane
 •  høgd 1 000 m moh.
Munning Svartehavet
Kart
Dnister
46°21′00″N 30°14′00″E / 46.35°N 30.233333333333°E / 46.35; 30.233333333333
Wikimedia Commons: Dniester

Dnestr (ukrainsk Дністер, Dnister; rumensk Nistru) er ei elv i Ukraina og Moldova med ei lengd på 1 362 km.

Namn

Namnet Dnestr kjem frå det sarmatianske (iranske) *Dānu nazdya «den nærliggjande elva».[1]. Til samanlikning tyder Dnepr «den fjerntliggjande elva». Det eldre namnet Tyras er frå det skytianske *tûra, som tyder «rask».

russisk heiter elva Днестр (Dnestr), på rumensk Nistru, på jiddisk: Nester - נעסטער; på tyrkisk, Turla og under antikken vart ho kalla Tyraslatin og Danastrisgresk. Forfattarar i antikken har òg kalla ho Danaster.

Geografi

Ho har utspringet sitt i Ukraina, nær Drohobytsj og ikkje langt frå grensa til Polen. Frå her renn ho i retning mot Svartehavet. Eit kort stykke dannar ho grensa mellom Ukraina og Moldova, før ho renn vidare gjennom Moldova i 398 km der store delar av lengda hennar dannar grensa mot området Transnistria. Seinare dannar ho igjen grensa mellom Moldova og Ukraina før ho renn inn i Ukraina igjen og ut i Svartehavet, der estuaret hennar dannar Dnestr Liman.

I dei nedre delane av elva er vestsida av ho høg og åslendt, medan austsida er låg og flat. Elva dannar den eigentlege austlege grensa til Den asiatiske steppa. Dei viktigaste sideelvane hennar er Răut og Bîc.

Før den andre verdskrigen danna Dnestr grensa mellom Romania og Sovjetunionen. I løpet av krigen vart det utkjempa slag på venstre sida av elva med Tyskland og Romania mot Sovjetunionen.

Sideelvar

Dnestr nær Piliptsje

Av sideelvar på høgre sida finn ein Răut, Ikel, Bîc og Botna, medan sideelvar på venstre er Zolota Lypa (140 km), Koropets, Dzjuryn, Seret (250 km), Zbrutsj (245 km), Smotrytsj (169 km), Usjytsia (112 km), Kalius, Liadova, Murafa (162 km), Rusava, Jahorlyk (173 km) og Kutsjurhan (123 km).[2]

Byar

Den største byen ved Dnestr er Tiraspol i Transnistria i Moldavia.

Fotnotar

  1. Mallory, J.P. and Victor H. Mair. The Tarim Mummies: Ancient China and the Mystery of the Earliest Peoples from the West. London: Thames & Hudson, 2000. s. 106
  2. Encyclopedia of Ukraine - Dnestr

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Dnister

Kjelde