Siri Hatlen
Siri Beate Hatlen fødd 5. mai 1957 er ein norsk sivilingeniør frå Noregs Tekniske Høgskule i 1980. Hatlen har sidan 2007 vore konserndirektør i Statkraft.
Hatlen hadde ulike leiarstillingar i Statoil frå 1984 til 1996[1]. Etter det har ho arbeidd som konsulent og styremedlem ved ei rekkje verksemder, særleg i offentleg sektor. Ho var styreleiar i det statlege helseføretaket Helse Øst, og var ynskt som styreleiar i Helse Sør-Øst, men takka nei då helseminister Sylvia Brustad tilsette toppsjefen på eiga hand.[2]
Hatlen er styreleiar i Vinmonopolet og Samlaget, samt styremedlem i Norsk Bremuseum, NTNU, Kongsberggruppen og Scanarc. Ho har tidlegare vore styreleiar i det statlege industrireisingsføretaket Siva, Undervisningsbygg og Statens lånekasse for utdanning. Hatlen har òg vore styremedlem i Oslo Lufthavn AS.
Ho er gift med Birger Magnus, konserndirektør i medieverksemda Schibsted, som ho òg har fire ungar med. Hatlen har, som mannen sin, også ein MBA frå INSEAD i Frankrike.
Fotnotar
- ↑ Dagens Næringsliv 21. april 2007: «Styrkvinnen»»
- ↑ Aftenposten: «Sa nei til Brustad»