Grimstad kommune
Grimstad kommune | |||
kommune | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Grimstad | ||
Areal | 303,59 km² | ||
• vatn | 30,893375589054884, 30,9 km² | ||
Målform | Bokmål | ||
Ordførar | Beate Skretting (2019)[1] (V) | ||
Kommunenr. | 0904 | ||
Grimstad 58°21′07″N 8°32′40″E / 58.351944444444°N 8.5444444444444°E | |||
[[Fil: NO 0904 {{{namn}}}.svg |200 px|none| Kart som viser Grimstad kommune. ]]
Kart som viser Grimstad kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Grimstad | |||
Nettstad: www.grimstad.kommune.no |
Grimstad er ein kystkommune i Aust-Agder fylke. Kommunen grensar til Arendal i aust, Froland og Birkenes i nord og Lillesand i vest. Grimstad fekk bystatus i 1816. I 1971 vart dei tidlegare kommunane Landvik og Fjære slengne saman med Grimstad.
Byen er kjend for sin vene skjergard og for sitt unike teater i eit steinbrot i Fjæreheia. Teateret vert drive av Agder teater og vart opna i 1993. Her er over 1000 sitjeplassar.
I 1953 vart den fyrste plastbåten i Noreg produsert og sjøsett av Herbert Waarum (plastbåten sin far). Seinare kom firmaet Herwa plast i Grimstad.
I 2002 vart mikrobryggeriet Nøgne Ø stifta, bryggeriet har motteke ei rad prisar for sitt øl.
Grimstad er òg kjend for at forfattaren Roald Dahl budde her delar av somrane han var i Noreg. Han budde då på Strand hotell på Fevik aust i kommunen.
Avisa i byen heiter Grimstad Adressetidende og kjem ut tre gonger i veka.
Tettstader
- Arendal (67 av dei 31 182 som bur i tettstaden Arendal bur i Grimstad kommune, resten bur i Arendal kommune.)
- Fevik
- Grimstad
- Jortveit
- Rykene (9 av dei 648 som bur i tettstaden Rygene bur i Grimstad kommune, resten bur i Arendal kommune.)
Kjende personar med tilknytting til Grimstad
- Thor Hushovd, syklist
- Dag Otto Lauritzen, tidlegare syklist
- Henrik Ibsen, forfattar. Ibsen budde i Grimstad frå 1844 til 50 som apotekarlærling. Han flytta vidare til Oslo for å studera. Ibsenhuset museum (opna i 1909) var bustad frå 1847.
- Knut Hamsun, forfattar, budde på garden Nørholm frå 1918 til 1952. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1920.