Setesdalsbanen
Setesdalsbanen er jarnbanestrekninga mellom Kristiansand og Byglandsfjord i Setesdal. Setesdalsbanen er 78 km lang og bygd med sporvidd 1067 mm (3,5 fot).
Historie
Banen vart opna til Hægeland den 26. november 1895 og til Byglandsfjord den 27. november 1896. Stasjonane langs linja var mellom anna Mosby, Vennesla, Grovene (Grovane), Iveland og Hægeland.
Då Sørlandsbanen vart opna til Kristiansand i 1938, vart Grovane den nye endestasjonen for Setesdalsbanen, med samband til Sørlandsbanen.
Setesdalsbanen vart nedlagd 1. september 1962, og sporet vart fjerna mellom Byglandsfjord og Beihølen. Den 6 km lange strekninga mellom Beihølen og Grovane vart teke vare på av lokale entusiastar. Setesdalsbanens Hobbyklubb vart starta allereie i 1964.
I dag er Setesdalsbanen ein museumsjernbane, drivet av Stiftelsen Setesdalsbanen, med damptog som trafikkerer den 8 km lange strekninga mellom Grovane og Røyknes. Fire damplokomotiv frå 1894-1902 er teke vare på, saman med eit tal person- og godsvogner. Ei utviding på om lag 2 km lang utviding til Røyknes stasjon vart opna den 5. september 2004.
Lokomotiva som er tekne vare på
Damplokomotiv for smalt spor
- Type XXI nr. 1, bygd ved Dübs & Co. i 1894. Lokomotivet er ikkje i drift.
- Type XXI nr. 2, bygd ved Dübs & Co. i 1894. Lokomotivet under reparasjon.
- Type XXI nr. 5, bygd ved Thunes Mekaniske Værksted i 1901. Lokomotivet er i drift.
- Type XXII nr. 6, bygd ved Thunes Mekaniske Værksted i 1902. Lokomotivet er i drift.
Diesellokomotiv for smalt spor
- SJ Z4t nr. 227, bygd i 1950. Kjøpt frå Statens Järnvägar i 1976.
- SJ Z4t nr. 307, bygd i 1952. Kjøpt frå Statens Järnvägar i 1981.
Diesellokomotiv for normalspor
Desse lokomotiva vert berre nytta til skifting på område med kombinert spor.