Royal Borough of Kingston upon Thames
Utsjånad
Kingston upon Thames (formelt Royal Borough of Kingston upon Thames) er det eldste av dei kongelege distrikta i England og Wales. Det ligg i eit område som tidlegare tilhøyrde Surrey, men som nå er ein del av Stor-London.
Årsaka til at det er eit kongeleg distrikt er at sju angelsaksiske kongar blei krona der: Edvard den eldre (900), Athelstan (925), Edmund I (939), Edred (946, Edwy (956), Edvard Martyren (975) og Ethelred den rådville (979).
Distriktet i sin noverande form blei oppretta i 1965, ved at det gamle distriktet Kingston upon Thames blei slått saman med Malden and Coombe og Surbiton.
Byar og landsbyar i distriktet
- Berrylands
- Chessington
- Coombe
- Kingston upon Thames
- Kingston Vale
- Malden Rushett
- Motspur Park
- New Malden
- Norbiton
- Old Malden
- Surbiton
- Tolworth