Ellingsøya
Utsjånad
Ellingsøy eller Ellingsøya er den nordlegaste øya i Ålesund kommune. Ho har vegsamband med Valderøy i Giske kommune og Nørvøya i Ålesund gjennom undersjøiske tunnelar i vest. I aust har ho òg brusamband med fastlandet over Taftasundet.
Det ligg mange industriverksemder innan skipsutstyr og sjømat på øya.
På sørsida ligg Ellingsøyfjorden med mange holmar og på nordsida ligg Grytafjorden.
Per 01.01.05 var innbyggjartalet omkring 2 000. Ellingsøya har tre barneskular; Grimstad, Vik og Stokke, og ein ungdomsskule; Hoffland. Der er to matbutikkar og ei rundkøyring.