Karl Andersson Tryggeset
Karl Andersson Tryggeset (5. mai 1825–22. juni 1881) var ein gardbrukar på Tryset i dåverande Hjørundfjord kommune på Sunnmøre. Han var ordførar 1866-69 i Hjørundfjord.
Karl var frå Årsæter i Ørsta, son til den framståande gardmannen Anders Knutsson Årsæter. Karl var gift 1852 med Pernille Persd Mo, ho og frå Ørsta. Same året kjøpte Karl eitt av dei to bruka på Tryset i Bondalen i Hjørundfjord prestegjeld, sidan kalla Karlgarden etter honom. Karl var ein «praktisk og ein klok mann, som kom tidleg med i den kommunale styringa» i Hjørundfjord. Fireårssbolken 1866-69 var han ordførar i kommunen. Som medlem av amtstinget røysta han i 1867 for å byggje veg frå Rotset i Volda til Standal i Hjørundfjord. Til liks med far sin ein «dugande gardbrukar».
Fem born voks opp i heimen til Karl og Pernille. Sonen Ole K. Tryggeseth ein av dei.
Kjelder
- Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 46, s. 51f. 2024