Hopp til innhald

Kirsten Flagstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 26. august 2024 kl. 06:47 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (la til Kategori:Folk tilknytte Den Norske Opera & Ballett med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Kirsten Flagstad

Kirsten Flagstad på fyrste halvdel av 1940-talet
Fødd12. juli 1895
FødestadHamar kommune
Død7. desember 1962 (67 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Aktiv1913–1962
Sjangerklassisk musikk
Stemmetypesopran
Verka somoperasongar
MorMaja Flagstad
FarMichael Flagstad
Gift medHenry Thomas Ingvald Johansen
Prisarriddar av St. Olavs Orden, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Kirsten Malfrid Flagstad (12. juli 18957. desember 1962) var ein norsk dramatisk sopran, og ein av dei internasjonalt mest kjende norske kvinnene på si tid.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Flagstad vart fødd på Hamar, men voks opp i Oslo. Faren var fiolinist og kapellmeister, og mora repetitør og pianist. Ho vart den fyrste læraren til Kirsten. Seinare studerte Kirsten under Ellen Schytte-Jacobsen og Albert Westvang i Oslo og under dr. Gillis Bratt i Stockholm.

Ho vart særleg berømt for tolkingane sine av Richard Wagner sin musikk. Flagstad var engasjert ved Wagnerfestspela i Bayreuth frå 1933 til 1934. Ho verka deretter fast ved Metropolitan-operaen i New York frå 1935 til 1941, då ho reiste heim til Noreg, og igjen i perioden 1949 til 1952. Tolkingane hennar av kvinnene i operalitteraturen, ikkje minst i Wagner sin musikk, sette djupe spor, redda økonomien til Metropolitan-operaen og gav henne ein berømmelse som varer.

Ho var den fyrste sjefen for Den Norske Opera i perioden 1958–60.

Flagstad debuterte på Nationaltheatret i 1913 som Nuri i Tiefland. Då Opera Comique opna i 1918, gjorde ho mange ulike roller der. Etter at denne operaen la ned drifta i 1921 song ho på Casino, Mayol og Nationaltheateret. Etter det kom nokre år i Gøteborg, Brussel og Bayreuth, før debuten på «The Met» i 1935.

Kirsten Flagstad døydde i Oslo, 67 år gamal. Ho er avbileta på den norske hundrekronersetelen, norske frimerke og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Kirsten Flagstad vart av kong Haakon utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1937 og fekk seinare også St. Olavsmedaljen utdelt. Ho har kongens fortenestemedalje i gull. Eit museum med namnet Kirsten Flagstad Museum er skipa til minne om henne i Hamar, i huset der ho vart fødd 12. juli 1895, rett attmed kyrkja der ho vart døypt. Museet høyrer inn under Anno museum.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]