Lemesós
Lemesós Λεμεσός Limasol | |
---|---|
Hamnepromenaden i Lemesós | |
Styresmakter | |
Land Distrikt |
Kypros Lemesós |
Geografi | |
Flatevidd | 44,87 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
101 000 |
Koordinatar | 34°40′29″N 33°02′39″E / 34.67472°N 33.04417°E |
Høgd over havet | 0 m m |
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+2, UTC+03.00 (UTC) UTC+03.00 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.limassolmunicipal.com.cy/ | |
Nettstad: www.limassolmunicipal.com.cy | |
Plassering | |
Lemesós kommune i distriktet Lemesós |
Lemesós (gresk Λεμεσός, tyrkisk Limasol eller Leymosun) eller Limassol er den nest største byen på Kypros og ein kommune i distriktet Lemesós i Republikken Kypros.[2] Byen ligg ved Akrotíribukta på den sørlege kysten av øya.
Byen har den største hamna for mellomhandel i Middelhavet, og har etter kvart vorte den viktigaste turistbyen på øya. Lemesós har ein lang kulturell tradisjon med mange museum og arkeologiske utgravingar.
Lemesós trekkjer til seg mange turistar om sommaren, og har fleire luksushotell og leilighetar.
Historie
Lemesós vart bygd mellom dei to antikke byane Amathus og Kourion, og då han var ein del av Austromarriket vart han kalla Neapolis (ny by). Turistruta i Lemesós går austover langs kysten til Amathus. Vest for byen ligg Akrotíri, ein britiskstyrt militærbase.
Folketal
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 101 000 innbyggjarar, fordelt på desse bydelane:[1]
- Ájos Andónios (0)
- Tzamí Tzendít (Tz.Tz.) (434)
- Arnaoutojitoniá (Arn.) (905)*Arnaoutojitoniá (Arn.) (905)
- Ajía Nápa (534)
- Katholikí (4 647)
- Ájos Ioánnis (4 767)
- Tsiflikoúdia (579)
- Omónia (3 839)
- Apóstolos Andréas (9 207)
- Ájos Jeórjos (5 060)
- Apóstoli Pétros ke Pávlos (10 412)
- Kápsalos (6 660)
- Ájos Nektários (3 397)
- Ajía Zóni (4 456)
- Ajía Triáda (2 786)
- Neápoli (7 229)
- Ájos Nikólaos (5 631)
- Ajía Fýlaxi (14 451)
- Panajía Evangelístria (693)
- Ájos Spyrídonas (9 439)
- Zakáki (5 874)
Kart bydelar
Storbyområde
Storbyområdet til Limassól omfattar dei seks kommunane Lemesós, Káto Polemídia, Mésa Jitonía, Ájos Athanásios, Jermasója og Ýpsonas med til saman 176 731 innbyggjarar.[3][1]