Myklebustskipet
Myklebustskipet er eit gravfunn frå garden Myklebust på Norfjordeid i Stad kommune i Vestland. Funnet vart gjordt i Rundehogjen, den største av fem gravhaugar på garden. Det vart undersøkt av Anders Lorange i 1874.
Skipet hadde vorte brent i grava. Det vart ikkje funne trerestar, men ei mengd båtsaum. Plasseringa av saumane i grava viste omrisset av skipet, og brannrestane viste at skipet hadde vore minst 25 meter langt.
Utanom båtrestane vart det midt i grava funne 58 skjoldbular, og ei kopargryte som inneheld oske og beinrester av ein mannsperson. Bronsekaret er av irsk opphav, og prydat med tre emaljerte mannsfigurar. Skipet har vorte bygd seint på 800 eller tidleg på 900-tallet
Rekonstruksjon
Ein tilnærma kopi av skipet vart bygd på Nordfjordeid i 1916-2019. Arbeidet vart utført av lokale båtbyggjarar frå Bjørkedalen, med erfaring frå tidlegare vikingskipskopiar. Rekonstruksjon og teikningar vart utført av Saxe Bjørkedal, Materialen til skipet, som er bygd i fure, vart henta i Bjørkedalen. Det vart felte over 400 furetre for å skaffe byggetilfang. Alle desse trea var ikkje gode nok til å nyttast.
Treskjerar Rolf Taraldset frå Hornindal har skore drakehovudet på framstamnen, og halen.
Mål på det rekonstruerte skipet
- Full lengd: 30 meter
- Breidde : 6 meter
- Høgd i stamnen: ca 7 meter
- Tal på båtsaum: med ro ca 7000
- Tal på trenaglar: ca 700
- Berekna vekt: ca 16 tonn
Skipet er utstilt på kunnskapssenteret Sagastad på Nordfjordeid.
Bilete frå Sagastad
-
Framstamnen
-
Tiljedekk inne i skipet.
-
Baugen
-
Stureåre bak på styrbord side.
-
Styrepinnen
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Myklebustskipet» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juni 2023.
- Jørn Olav Løset. «Skipstyper i vikingtiden». Henta 22. juni 2023.
- Frode Sætre, red. (2019). «Mykjlebustskipet». Eventyrlege vikingskip. Bygde på Bjørkedalen. Segla av Ragnar Thorseth. Volda: Bjørkedal kystlag. s. 164-179. ISBN 978-82-692932-0-3.