Hopp til innhald

Myklebustskipet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 23. juni 2023 kl. 11:12 av Andreasv (diskusjon | bidrag) (Treskurd)
Myklebustskipet vert sjøsett på Nordfjordeid

Myklebustskipet er eit gravfunn frå garden Myklebust på Norfjordeid i Stad kommune i Vestland. Funnet vart gjordt i Rundehogjen, den største av fem gravhaugar på garden. Det vart undersøkt av Anders Lorange i 1874.

Skipet hadde vorte brent i grava. Det vart ikkje funne trerestar, men ei mengd båtsaum. Plasseringa av saumane i grava viste omrisset av skipet, og brannrestane viste at skipet hadde vore minst 25 meter langt.

Utanom båtrestane vart det midt i grava funne 58 skjoldbular, og ei kopargryte som inneheld oske og beinrester av ein mannsperson. Bronsekaret er av irsk opphav, og prydat med tre emaljerte mannsfigurar. Skipet har vorte bygd seint på 800 eller tidleg på 900-tallet

Ein tilnærma kopi av skipet vart bygd på Nordfjordeid i 1916-2019. Arbeidet vart utført av lokale båtbyggjarar frå Bjørkedalen, med erfaring frå tidlegare vikingskipskopiar. Materialen til skipet, som er bygd i fure, vart henta i Bjørkedalen. Treskjerar Rolf Taraldset har skore drakehovudet på framstamnen.

Skipet er utstilt på kunnskapssenteret Sagastad på Nordfjordeid.

Kjelder