Hopp til innhald

Wii Fit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 15. november 2022 kl. 12:21 av InternetArchiveBot (diskusjon | bidrag) (Rescuing 1 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.2)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Wii Fit

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Tadashi Sugiyama
Design(ar)Hiroshi Matsunaga
Komponist(ar)Tōru Minegishi, Shiho Fujii
SerieWii, Wii Fit
SpelmotorWii Sports
Plattform(er)Wii
Utgjeving25. april 2008
SjangerTreningsspel
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 3
Del av serien Wii, Wii Fit⠀
Wii Play · Wii Chess, Wii Fit Plus→

Wii Fit er eit treningsspel på Wii, utvikla og produsert av Nintendo. Det vart gjeve ut i Japan i desember 2007, i Europa i april 2008, og i Australia og Nord-Amerika månaden etter. Spelet bruker eit balansebrett, som mellom anna kan brukast til å trene opp balansen og måle vekta til spelaren.

Spelet har også kome ut i ei utgåve på Wii U, under namnet Wii Fit U.

Wii Fit Plus

[endre | endre wikiteksten]

Wii Fit Plus er ein oppfylgjar til Wii Fit, som også er utvikla av Nintendo. Spelet byggjer på det originale Wii Fit med 15 nye balanse-spel, og seks nye yoga- og styrkeøvingar. Nye funksjonar er mellom anna ein kalorimålar, system for å sette opp eigne treningsprogram, moglegheit for å sette tidsgrense for øvingane og val for å laga profilar for kjæledyr. Spelarar skal også kunne navigera raskare mellom øvingar, for betre flyt i treninga.

Wii Fit Plus er selt både i ein pakke med Wii Balance Board, og separat for dei som har Wii Balance Board frå før.[1]

  1. www.nintendo.no/wii/spill/wiifitplus, arkivert frå originalen 19. august 2009, henta 10. august 2009 
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.