Hopp til innhald

Mangold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 13. oktober 2022 kl. 09:15 av InternetArchiveBot (diskusjon | bidrag) (Rescuing 1 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.2)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Mangold
Mangold
Mangold
Systematikk
Rike: Plantar
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Caryophyllales
Familie: Amaranthaceae
Slekt: Beteslekta Beta
Art: Mangold B. vulgaris
Vitskapleg namn
Beta vulgaris

Mangold, også kalla bladbete og spinatbete, er ein plante i beteslekta i amarantfamilien. Stilk og blad kan brukast som grønsaker. Planten stammar frå middelhavslanda, og blei brukt i oldtida. Han er nært i slekt med raudbete.

Namnet «mangold» er av tysk opphav og kjem truleg frå gammalhøgtysk manag, 'mykje' og waltan 'rå, styre'.[1] Planten er også blitt kalla «romersk spinat».

Blomstrande bladbete.

Mangold har store, mørkegrøne blad som kan ha breie eller smale blad med kvite, gule eller raude stilkar. Blada heng saman i eit laust hovud eller som ein rosett. Planten kan dyrkast på friland i Noreg. Kvit mangold kan minna om stilkkål eller kinakål på utsjånad.

Terte med mangold og ost.

Mangold kan brukast rå, til dømes til salat, eller steikt. Stilkane kan kokast som asparges. Blada har ein saftig og mild smak som kan minna om spinat.

Mangoldsortar med kjøtfulle bladstilkar blir kalla stilkbladbete, medan sortar der ein berre bruker blada blir kalla snittbladbete. Minimangold er små sortar med ulik farge på stilk og blad.

Næringsinnhaldet til mangold per 100 gram er ca. 30 mg vitamin C, 380 mg kalium, 0,8 g kostfiber, 93 % vatn, 0,2 g feitt og 88 kJ tilført energi.

  1. «mangold» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Mangold