Samisk musikk
Samisk musikk er musikktradisjonane og -nyskapingane til samar i fortid og samtid.
I tradisjonell samisk musikk var songar[1] og joikar viktige musikalske uttrykk for samisk kultur og språk. Samar bruker også mange ulike musikkinstrument, nokre av dei berre kjende frå samisk tradisjon, andre kjende frå Skandinavia, og andre introduserte i nyare tid.
Svært spirituelle songar kalla joikar (norsamisk luohti; sørsamisk vuolle) er den mest karakteristiske songtypen. (Same ord kan nokre gonger visa til lavlu eller vuelie, men dette er ikkje teknisk rett.) Joikar kan ha få eller ingen ord, og har ikkje rim eller ein definitiv struktur. Dei tek typisk for seg eit emne som er viktig for songaren, og desse emna kan variera kraftig. I nordlege område har kvar person sin eigen joik, nokre gonger gjeven dei ved fødselen, som blir sett på som personleg og representativ for dei, på same måte som eit namn. Reine folkejoikar gjekk tilbake i popularitet på 1900-talet, både på grunn av påverknad frå popmusikk på radio og religiøs fundamentalisme, særleg læstadianisme.
Moderne samisk musikk
Joiking blei fyrst vidare kjend i Sverige og Skandinavia i 1959 då Sven-Gösta Jonsson gav ut «Vid Foten Av Fjället» («Jag Är Lapp...»), der han song om å joika mot heidenske steinar til ein moderne, skiffle-aktig rytme. Dei fyrste kommersielle innspelingane av joiking blei framførte av Nils-Aslak Valkeapää i 1968, i Finland. Valkeapää sine opptak skilde seg likevel frå tradisjonell joiking ved at dei hadde med både instrument og miljølydar, som bjeffande hundar og vind.[2]
Kjende joikeutøvarar er mellom anna Angelit, Wimme Saari og Nils-Aslak Valkeapää frå finsk Sameland. Mange moderne songarar gjev ut på plateselskapet DAT,[3] det viktigaste plateselskapet for samisk musikk.
Den best kjende samiske songaren på verdsbasis er Mari Boine frå Noreg, som syng ein type minimalistisk folkrock med røter i joik. Ein del ikkje-samiske artistar, som RinneRadio, Xymox og Jan Garbarek, har brukt joik og andre samiske element i musikken sin.
Det finske folk metal-bandet Sháman (seinare Korpiklaani) innførte det som er blitt kalla «yoik metal» seint på 1990-talet, og påkalla merksemd til samisk musikk innan heavy metal. Musikken deira inneheldt samiske element som joiking, samisk tekst og sjamantromme. Vokalisten deira har også joika for den finske folk metal-bandet Finntroll. Eit anna finsk black metal-band, Barathrum, og det svenske black metal-bandet Arckanum har brukt joik i nokre av songane sine.
Eurovision
I januar 2008 kvalifiserte den norske samiske songaren Ann Marie Anderson seg til finalane i Melodi Grand Prix med «Ándagassii», men vann ikkje finalen. I mars 2015 kom den svenske samiske songaren Jon Henrik Fjällgren på andreplass med «Jag är fri» i den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest. I 2017 kom Fjällgren på tredjeplass i Melodifestivalen med «En värld full av strider (Eatneme gusnie jeenh dåaroeh)». I den siste episode av den norske musikktevlinga Stjernekamp i 2018 blei den 20 år gamle samiske artisten Ella Marie Hætta Isaksen kåra til vinnaren; den siste opptredenen hennar i showet var ein joik.[4]
I sjølve Eurovision Song Contest har joik vore med i «Sámiid ædnan» i 1980, framført av Mattis Hætta, og i 2019 i songen «Spirit in the Sky» av trioen KEiiNO. Delar av denne språk-joiken blei framførte av den samiske songaren og rapparen Fred Buljo. KEiiNO vann publikumsrøysta, men nådde berre 6. plass i tevlinga då alle røystene blei telte.[5]
Musikkinstrument
Nokre kjelde har hevda at samar ikkje har brukt musikkinstrument. Eit verk frå 1885 hevda at «Man har ofte beskyldt Lapperne for at mangle ethvert Spor af musikalsk Sans og Opfattelse, og det kan heller ikke nægtes, at der er meget, som taler herfor. Folket eier ikke et eneste musikalsk Instrument, selv ikke det tarveligste».[6] I røynda har samar brukt instrument både i notid og fortid, der nokre av dei berre er kjende frå samisk kultur. Mellom desse er fadno, ei røyrfløyta laga av kvannstilkar, og runebomme. Forskarar frå slutten av 1700-talet merka seg også to sekkepipetypar i Lappland:[7] sak-pipe og wal-pipe.[8]
Andre samiske instrument som også er kjende frå ein vidare skandinavisk kontekst er mellom anna lur[9][10] og harpu,[11] ein siter som finsk kantele.[12] Seljefløyter blir ofte laga av borken til selje eller ask.[13]
Moderne musikkgrupper bruker ei rekkje ulike instrument, som fele, concertina og trekkspel.
Galleri
-
Den samiske vokalisten og musikaren Sofia Jannok frå Gällivare opptrer ved Centre Culturel Suédois i Paris
-
Mari Boine opptrer ved Kongsberg Jazz i 2007
-
Lawra Somby, ein samisk joikar og medlem av gruppa Adjágas, opptrer saman med den norske heavy metal-gruppa Turdus Musicus
-
Ande Somby, samisk vokalist og jussprofessor ved Universitetet i Tromsø frå Sirbma i Finnmark opptrer med gruppa si Vajas ved Riddu Riđđu 2007
-
Samisk vokalist opptrer ved Riddu Riđđu 2007
-
Ella Marie Hætta Isaksen med Isák på DnB-scenen ved Grefsenkollen
Kjelder
- ↑ The 12th song from Kalevala V, 395 – 402; Friis, J. A. (1871) "Lappisk mythologi, eventyr og folkesagn: eventyr og folkesagn"; Friis, J.A.
- ↑ Jones-Bauman, Richard (2001). «From ‘I’m a Lapp’ to ‘I’m a Saami’: Popular Music and Changing Images of Indigenous Ethnicity in Scandinavia». Journal of Intercultural Studies 22 (2): 189–210.
- ↑ «DAT». DAT. Henta 1 January 2013.
- ↑ «Ella Marie Hætta Isaksen wins 'Stjernekamp'» (på norsk). NRK.no. 27 October 2018.
- ↑ «Norway – LIVE – KEiiNO – Spirit In The Sky – Grand Final – Eurovision 2019» (på norsk). Eurovision Song Contest. 18 May 2019. Arkivert frå originalen 12 December 2021.
- ↑ Tromholt, Sophus (1885), Under nordlysets straaler : skildringer fra lappernes land, Robarts - University of Toronto, Kjøbenhavn : Gyldendalske boghandels forlag, s. 184, henta 29. april 2022
- ↑ David MacRitchie (1884). Ancient and modern Britons: a retrospect. K. Paul, Trench & co. s. 399–. Henta 25 April 2011.
- ↑ Michael Conran (1850). The national music of Ireland: containing the history of the Irish bards, the national melodies, the harp, and other musical instruments of Erin. J. Johnson. s. 115–. Henta 23 April 2011.
- ↑ "Luren: tolv lappiske og norske viser og sange" Abraham Wilhelm Brun, 1900.
- ↑ April Fast; Keltie Thomas (October 2003). Sweden: the culture. Crabtree Publishing Company. s. 24–. ISBN 978-0-7787-9329-8. Henta 29 May 2011.
- ↑ Jan Ling (1997). A history of European folk music. University Rochester Press. s. 7–. ISBN 978-1-878822-77-2. Henta 29 May 2011.
- ↑ Arthur Spencer (1978). The Lapps. Crane, Russak. s. 128. ISBN 978-0-8448-1263-2. Henta 29 May 2011.
- ↑ Carl von Linné and Sir James Edward Smith: Lachesis lapponica. A tour in Lapland, Linnaeus (1811), Volume: 2 (p. 51).
- Denne artikkelen bygger på «Sámi music» frå Wikipedia på engelsk, den 29. april 2022.