Marie Lovise Widnes
Marie Lovise Widnes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. november 1930 Vanylven |
Død |
19. november 2021 (91 år) |
Yrke | politikar, songtekstforfattar |
Politisk parti | Sosialistisk Venstreparti |
Born | Asle Geir Johansen |
Marie Lovise Widnes (1. november 1930–19. november 2021)[1] var ein norsk diktar, forfattar, kåsør, songar, politikar (SV) og husmor. Widnes vart fødd i Vanylven i Møre og Romsdal. Ho flytta til Hareid med familien i 1963.
Marie Lovise Widnes har mellom anna skrive visa «Gangdøra». Visa kom på singelplate i 1957, vart ein radioslager og gjorde henne nasjonalt kjend.[2] Ho turnerte for mellom anna Folkeakademiet og Norsk Forfattersentrum frå 1949. Ho har som tradisjonsberar sunge og lese inn 134 gamle viser, regler og barnesullar for FAMR, folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal.
Widnes vart vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal for SV i 1989. Ho var også vararepresentant i perioden 1954–1957 for AP. Ho var medlem i Hareid kommunestyre 1971-1975, 1983-1987 og 1987-1989, og medlem av Møre og Romsdal fylkesting 1975-1979, 1979-1983, 1983-1987. I mai 2010 melde ho seg ut av SV.
Utdanning
- Sørmarka folkehøgskole 1952
- Eksamen niårig ungdomsskule 1972
Stortingskomitéar
- 1989–1993 medlem i Sosialkomitéen
- 1989–1993 varamedlem i Valkomitéen
Offentlege verv
- Leiar Styret for Hareid alders- og sjukeheim 1984-1989
- Nestleiar Fylkeskulturnemnda Møre og Romsdal 1971-1975
- Medlem Fylkesnærings- og sysselsettingsstyret Møre og Romsdal 1983-1984
- Medlem Helse- og sosialstyret Møre og Romsdal 1984-1987
- Medlem Forbrukernemnda Møre og Romsdal 1984-1987, nestleiar 1987-1989
- Medlem Nemnda for fylkessoga Møre og Romsdal 1987-1989
- Medlem Statens korn- og kraftforråd 1958-1966
- Varamedlem Norsk kulturråd 1969-1981
- Medlem Forbrukerrådet 1989-1992
- Varamedlem Billighetserstatningsutvalget 1990-1993
- Delegat til generalforsamlinga i SN 01.01.1991
- Leiar Hareid eldreråd 2008-
Tillitsverv i politiske parti
- Sekretær Hareid Sosialistisk Venstreparti 1975-1976, leiar 1978-1979, sekretær 1980-1981
- Leiar SVs fylkestingsgruppe i Møre og Romsdal 1975-1987
- Nestleiar Hareid SV 1976-1977
- Medlem styret for Møre og Romsdal SV 1989-1997
- Medlem SVs landsstyre 1995-1997
Tillitsverv i organisasjonar
- Sekretær Syltefjord Ungdomslag 1944-1946, leiar 1949-1950
- Leiar Hareid Ungdomslag 1968-1970
- Leiar Hareid Mållag 1987-1990, 1997-2002
- Leiar Møre og Romsdal forfatterlag 1988-1989, kasserer 1997-1999
- Medlem styret for Nei til EU i Møre og Romsdal 1994-1999
- Medlem styret for Sunnmøre Mållag 1998-2000, leiar 2000-2005
- Kasserar i Hareid Pensjonistlag 2007-
Andre administrative verv
Medlem nemnda for Sunnmørsprisen 1969-1990
Prisar og utmerkingar
- Møre og Romsdal fylkes kulturpris 1981
- Sunnmøre Mållags mediapris 1982
- Kvinneprisen for Hareid og Ulstein 2000
- Hareid Kommunes kulturpris 2001
- Heidersmedlem Noregs Mållag 2006
- Kongens fortenestemedalje i gull 2006
Bibliografi
Eigne bøker
- Gangdøra og andre viser, Tiden Norsk Forlag, Oslo 1958
- Kvardagsdikt, Forum for kristne sosialitar, Oslo 1979
- Idsø, Liv Marit og Marie Lovise Widnes: Marie Lovise Widnes, tusenkunstnar og kvardagsmenneske, Det Norske Samlaget, Oslo 1986
- Fragler - finst dei?, eige forlag, Hareid 1993
- Målet hennar mor, eige forlag, Hareid 2001
- Frå alle mine strengar - Dikt i samling, eige forlag, Hareid 2003
- Ein glytt innom gangdøra, Setesdalsforlaget, Valle 2012
- Utvalde dikt 1942-2016, Osberget, Ulsteinvik 2016
Andre bøker
- Fet, Jostein: Sunnmørsdiktarar 1600 - 1975, Det Norske Samlaget, Oslo 1977
- Furseth, Astor, Ivar Grimstad og Ellinor Lervik (red.): Ut fjorden: ein antologi frå Møre og Romsdal forfattarlag, Det Norske Samlaget, Oslo 1986
- Ellingsen, Svein: Da tenner moder alle lys: julen i norske dikt fra Wergeland og Landstad til våre dager, Aschehoug, Oslo 1991
Diskografi
Gangdøra(Elis Olsson/Marie Lovise Widnes)/Ei vise om ord (A.Berggren-T. Braarvig/Marie Lovise Widnes) - 14.08.1957
Framtidsdraumar(Kolbjørn Svendsen/Widnes)/Ein laurdagskveld (Trad./Widnes) - 14.-15.08.1957
Gniaren(Trad/Widnes)/Truls og Basse (Widnes)- 14.-15.08.57
Kjærleiksvegen (Widnes)/ Visa om bestemor (Trad ./ Widnes) - 15.08.1957
Kjærleik med forviklingar (A.Underdal/ Widnes)/Ei vise om kjærleik og dårskap (Trad. /Widnes) Ca 15.08.1957
Klagesongen (Trad. / Widnes)/Kvardagsfilosofi (Trad./ Widnes) - Ca 15.08.1957
Holebuarvise (Widnes)/ Guden og jenta (Widnes) - 1964
EP-plater (Philips)
Gangdøra/Ei vise om ord /Framtidsdraumar/Ein laurdagskveld.
Kjærleiksvegen /Visa om bestemor/Kjærleik med forviklingar/Ei vise om kjærleik og dårskap
Samle-EP-ar
Barnas plate nr. 1 - Philips
(Widnes: Truls og Basse/Alf Prøysen:Gutteklubben Varg/Magne Ove Larsen:Kom alle sammen bli med../Karsten Byhring: Guttas kjøkkenvise)
Samle-LP-ar
Solid norsk gull (1974) (Philips) (Inneheld Gangdøra)
Lirekassen nr 26 (Inneheld Gangdøra)
Kjelder
- ↑ «Marie Lovise Widnes er død», Synste Møre, 19. november 2021, henta 19. november 2021
- ↑ Sætre, S.M. (2021, 26. november). Marie Lovise Widnes (1930-2021). Dag og Tid, s. 14.