Hopp til innhald

Ian St John

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 4. november 2021 kl. 09:25 av Migne (diskusjon | bidrag) (la til Kategori:Coventry-spelarar med HotCat)
Ian St John

Ian St John (7. juni 19381. mars 2021 var ein skotsk fotballspelar frå Motherwell. Han var senterløpar på Motherwell FC og seinare Liverpool FC, i den siste klubben var han med om å vinne to ligameisterskap og FA-cupen 1965.

Klubbspel

Ian St John var Motherwell-spelar frå 1957. Sommaren 1961 vart han overført til Liverpool FC. I hans fyrste sesong på laget, vart det opprykk frå 2. divisjon. Våren 1964 gjekk Liverpool til topps i den engelske ligaen. Året etter skåra St John sigersmålet då Liverpool vann FA-cupfinalen med 2-1 over Leeds United. Våren 1966 vart han ligameister for andre gong, i finalen i Cupvinnarcupen 1966 vart det derimot tap 1-2 mot Borussia Dortmund. I 1970 vart han vraka frå Liverpool-troppa. sesongane 1971/72 og 1972/73 gjorde han lite av seg i høvesvis Coventry City og Tranmere Rovers. Sommarane i mellom spelte han fotball i Sør-Afrika.

Landslagsspel

I tida frå mai 1959 til april 1965 spelte Ian St John 21 landskampar for Skottland. Han var med då det skotske landslaget tapte 3-4 mot Noreg på Brann stadion i Bergen den 4. juni 1963. Han skåra i alt 8 landslagsmål.

Kjelder