Hopp til innhald

Lemesós

Koordinatar: 34°40′29″N 33°02′39″E / 34.67472°N 33.04417°E / 34.67472; 33.04417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 3. august 2020 kl. 16:41 av TU-nor (diskusjon | bidrag) (Folketal)
Lemesós
Λεμεσός
Limasol
Hamnepromenaden i Lemesós
Hamnepromenaden i Lemesós
Hamnepromenaden i Lemesós
Styresmakter
Land
Distrikt
Republikken Kypros
Lemesós
Geografi
Flatevidd 44,87 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

101 000
Koordinatar 34°40′29″N 33°02′39″E / 34.67472°N 33.04417°E / 34.67472; 33.04417
Høgd over havet 0 m m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+2, UTC+03.00 (UTC)
UTC+03.00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.limassolmunicipal.com.cy/
Nettstad: www.limassolmunicipal.com.cy
Limassol

Lemesós (gresk Λεμεσός, tyrkisk Limasol eller Leymosun) eller Limassol er den nest største byen på Kypros og ein kommune i distriktet Lemesós i Republikken Kypros.[1] Byen ligg ved Akrotíribukta på den sørlege kysten av øya.

Byen har den største hamna for mellomhandel i Middelhavet, og har etter kvart vorte den viktigaste turistbyen på øya. Lemesós har ein lang kulturell tradisjon med mange museum og arkeologiske utgravingar.

Lemesós trekkjer til seg mange turistar om sommaren, og har fleire luksushotell og leilighetar.

Historie

Lemesós vart bygd mellom dei to antikke byane Amathus og Kourion, og då han var ein del av Austromarriket vart han kalla Neapolis (ny by). Turistruta i Lemesós går austover langs kysten til Amathus. Vest for byen ligg Akrotíri, ein britiskstyrt militærbase.

Folketal

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 101 000 innbyggjarar, fordelt på desse bydelane:[2]

  • Ajía Fýlaxi (14 451)
  • Apóstoli Pétros ke Pávlos (10 412)
  • Ájos Spyrídonas (9 439)
  • Apóstolos Andréas (9 207)
  • Neápoli (7 229)
  • Kápsalos (6 660)
  • Zakáki (5 874)
  • Ájos Nikólaos (5 631)
  • Ájos Jeórjos (5 060)
  • Ájos Ioánnis (4 767)
  • Katholikí (4 647)
  • Ajía Zóni (4 456)
  • Omónia (3 839)
  • Ájos Nektários (3 397)
  • Ajía Triáda (2 786)
  • Arnaoutojitonía (905)
  • Panajía Evangelístria (693)
  • Tsiflikoúdia (579)
  • Ajía Nápa (534)
  • Tzamí Tzendít (434)

Storbyområdet til Limassól omfattar dei seks kommunane Lemesós, Káto Polemídia, Mésa Jitonía, Ájos Athanásios, Jermasója og Ýpsonas med til saman 176 731 innbyggjarar.[3][2]

Referansar