Hopp til innhald

Bekledningsarbeiderforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. januar 2020 kl. 17:56 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (fjerna Kategori:Norske fagorganisasjonar; la til Kategori:Tidlegare norske fagorganisasjonar med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Bekledningsarbeiderforbundet vart skipa i 1969, etter ein fusjon mellom Norsk Bekledningsarbeiderforbund, Norsk Tekstilarbeiderforbund og Norsk Skotøyarbeiderforbund. Norsk Skinn- og Lærarbeiderforbund gjekk inn i 1973. Bekledningsarbeiderforbundet organiserte arbeidarar frå tekstilindustrien, konfeksjonsindustrien, skotøyindustrien og skinn- og lêrindustrien.

I 1988 gjekk Bekledningsarbeiderforbundet saman med Norsk Bygningsindustriarbeiderforbund, Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund, Norsk Papirindustriarbeiderforbund og Norsk Skog- og Landarbeiderforbund, og skipa det nye Fellesforbundet.