Hopp til innhald

Albumet Kvelertak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 10. april 2019 kl. 18:24 av Stikkontakt (diskusjon | bidrag) (la til kursiv tittel)
Kvelertak
studio av Kvelertak
Språk norsk
Utgjeve 21. juni 2010
Innspelt Februar-mars 2010 ved GodCity Studios i Salem i Messeachusetts
Sjanger Hardcore punk, black metal, hard rock
Lengd 48:36
Selskap Indie Recordings
Produsent Kurt Ballou
Kvelertak-kronologi 
Westcoast Holocaust
(2007)
Kvelertak Meir
(2013)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
HellBound.ca9.5/10 stars[2]
The New Review4.5/5 stars[3]
About.com4.5/5 stars[4]

Kvelertak er debutalbumet til det norske bandet Kvelertak som kom ut 21. juni 2010 på Indie Recordings. Albumet kom ut i Nord-Amerika 15. mars 2011 på The End Records med seks bonusspor som bestod av fire konsertopptak frå BBC og to demosongar.[5][6]

Etter å ha spelt ein konsert i Oslo den 24. juni 2011 fekk Kvelertak gullplate av Indie Recordings presenterte av Dave Grohl frå Foo Fighters. Kvelertak selde til gullplate for meir enn 15 000 selde plater.[7] Med albumet vann bandet Spellemannprisen 2010 i klassene rock og årets nykommar.

Albumet fekk særs god kritikk då det kom ut. Kerrang! kalla bandet «det beste norske bandet sidan a-ha». Allmusic skreiv om albumet: «Når du trur at alle sjangrar av rock and roll på alle mogelege måtar er blanda, kutta opp og sett saman att, så kjem det eit band som Kvelertak og viser at du har tatt feil. Den norske sekstetten blandar i røynda punkrock med black metal, med endefram power-akkord her og der og ein smittande enkelheit. Ærleg takt, vondskap har aldri høyrtes så gøy ut som dette.»[6]

Plateomslaget er laga av John Dyer Baizley frå bandet Baroness.

Innhjald

Alle songar er skrivne av Kvelertak[8].

Nr.TittelLengd
1.«Ulvetid»3:29
2.«Mjød»2:30
3.«Fossegrim»3:32
4.«Blodtørst»3:37
5.«Offernatt»4:29
6.«Sjøhyenar (Havets Herrer)»4:50
7.«Sultans of Satan»4:35
8.«Nekroskop»5:10
9.«Liktorn»5:35
10.«Ordsmedar Av Rang»4:27
11.«Utrydd Dei Svake»6:22
Bonusspor på den nordamerikanske utgåva
Nr.TittelLengd
12.«Fossegrim» (live)3:25
13.«Sjøhyenar (Havets Herrer)» (live)4:33
14.«Blodtørst» (live)3:43
15.«Mjød» (live)2:58
16.«Ordsmedar av Rang» (2009 demo)4:03
17.«Utrydd Dei Svake» (2009 demo)6:36

Medverkande

Kvelertak

  • Erlend Hjelvik – vokal
  • Vidar Landa – gitar, piano
  • Bjarte Lund Rolland – gitar
  • Maciek Ofstad – gitar, vokal
  • Marvin Nygaard – bass
  • Kjetil Gjermundrød – trommer

Gjestemusikarar[8]

  • Ryan McKenney – vokal
  • Ivar Nikolaisen – vokal
  • Andreas Tylden – vokal
  • Høst – vokal

Produksjon og innspeling[8]

  • Kurt Ballou – miksing og produksjon
  • Alan Douches – mastering

Plateomslag[8]

Kjelder