Hopp til innhald

Alfred Marshall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 18. mars 2007 kl. 04:30 av Escarbot (diskusjon | bidrag) (robot la til: he:אלפרד מרשל)

Alfred Marshall (18421924) var ein britisk økonom. Han blir rekna som ein av pionérane innan nyklassisk økonomi. Marshall blir gjerne omtala som den store økonomiske lærebokforfattaren på slutten av 1800-talet, og hadde mange seinare berømte økonomer som studentane sine, mellom andre John Maynard Keynes.

Innan mikroøkonomi vil mange kjenne til loven om tilbod og etterspørsel og den marshallske versjonen av konsumentoverskot som viktig bidrag frå Alfred Marshall. Marshall-Lerner-vilkåret, som fortel korleis ei valutakursendring påverkar handelsbalansen, er kjent frå makroøkonomi.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.