Hopp til innhald

Marit Berger Røsland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. oktober 2017 kl. 21:39 av Jpfagerback (diskusjon | bidrag) (++)
Marit Berger Røsland

Fødd21. september 1978 (46 år)
Lillestrøm
Lørenskog
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
YrkeAdvokat, statssekretær
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
EktefelleStian Berger Røsland
VervNoregs EØS- og EU-minister 20. oktober 2017 –
FøregangarFrank Bakke-Jensen
Alle verv

Marit Berger Røsland (fødd 21. september 1978 i Lørenskog) er ein norsk advokat og politikar (H). Frå 20. oktober er ho Noregs EØS- og EU-minister.[1]

Ho er cand.jur. frå Universitetet i Oslo frå 2006, og har vore advokatfullmektig og advokat i Wiersholm, Mellbye & Bech i Oslo sidan 2006. Røsland var dommarfullmektig i Oslo tingrett 2009–2010. Frå 17. oktober 2014 var ho statssekretær for statsminister Erna Solberg[2] og frå 16. desember 2015 statssekretær for statsråd Sylvi Listhaug.[3] Den 23. septemberen 2016 vart ho utnemnt til statssekretær for Børge Brende i Utenriksdepartementet.[4] Ho vart utnemnd til EØS- og EU-minister i Erna Solbergs regjering den 20. oktober 2017.[1]

Røsland var leiar i Akershus Unge Høgre 1998–2000, kampanjesekretær i Akershus Høgre i 1999, medlem av Akershus fylkesting 1999–2003, politisk sekretær for ordførar Per Ditlev-Simonsen 2000–2001, 2. nestleiar i Unge Høgre 2000–2002, redaktør i Unge Høgres medlemsblad Xtra 2000–2002, byrådsekretær for velferd og sosiale tenester i 2002, politisk rådgjevar i Utenriksdepartementet 2003–2005, medlem av Oslo Høgres programkomité og medlem av Oslo bystyre 2003–2007.

Ho er gift med advokat og tidlegare byrådleiar i Oslo Stian Berger Røsland.[5] Paret har to barn.[5]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 Ask, Alf Ole (20. oktober 2017). «Tre bytter i Regjeringen – Ine Eriksen Søreide første kvinnelige utenriksminister». Aftenposten. Henta 20. oktober 2017. 
  2. Offisielt frå statsråd 17. oktober 2014
  3. Offisielt frå statsråd 16. desember 2015
  4. Utenriksdepartementet (23. september 2016). «Ny statssekretær i UD». Regjeringen.no (på norsk). Henta 23. september 2016. 
  5. 5,0 5,1 «NRK: Marit Berger Røsland (H) blir ny EØS- og EU-minister». Aftenposten. 19. oktober 2017. Henta 20. oktober 2017. 


Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.