Marit Berger Røsland
Marit Berger Røsland | |||
| |||
Fødd | 21. september 1978 (46 år) Lillestrøm Lørenskog | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | Advokat, statssekretær | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Stian Berger Røsland | ||
Verv | Noregs EØS- og EU-minister 20. oktober 2017 – | ||
Føregangar | Frank Bakke-Jensen | ||
Alle verv |
|
Marit Berger Røsland (fødd 21. september 1978 i Lørenskog) er ein norsk advokat og politikar (H). Frå 20. oktober er ho Noregs EØS- og EU-minister.[1]
Ho er cand.jur. frå Universitetet i Oslo frå 2006, og har vore advokatfullmektig og advokat i Wiersholm, Mellbye & Bech i Oslo sidan 2006. Røsland var dommarfullmektig i Oslo tingrett 2009–2010. Frå 17. oktober 2014 var ho statssekretær for statsminister Erna Solberg[2] og frå 16. desember 2015 statssekretær for statsråd Sylvi Listhaug.[3] Den 23. septemberen 2016 vart ho utnemnt til statssekretær for Børge Brende i Utenriksdepartementet.[4] Ho vart utnemnd til EØS- og EU-minister i Erna Solbergs regjering den 20. oktober 2017.[1]
Røsland var leiar i Akershus Unge Høgre 1998–2000, kampanjesekretær i Akershus Høgre i 1999, medlem av Akershus fylkesting 1999–2003, politisk sekretær for ordførar Per Ditlev-Simonsen 2000–2001, 2. nestleiar i Unge Høgre 2000–2002, redaktør i Unge Høgres medlemsblad Xtra 2000–2002, byrådsekretær for velferd og sosiale tenester i 2002, politisk rådgjevar i Utenriksdepartementet 2003–2005, medlem av Oslo Høgres programkomité og medlem av Oslo bystyre 2003–2007.
Ho er gift med advokat og tidlegare byrådleiar i Oslo Stian Berger Røsland.[5] Paret har to barn.[5]
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 Ask, Alf Ole (20. oktober 2017). «Tre bytter i Regjeringen – Ine Eriksen Søreide første kvinnelige utenriksminister». Aftenposten. Henta 20. oktober 2017.
- ↑ Offisielt frå statsråd 17. oktober 2014
- ↑ Offisielt frå statsråd 16. desember 2015
- ↑ Utenriksdepartementet (23. september 2016). «Ny statssekretær i UD». Regjeringen.no (på norsk). Henta 23. september 2016.
- ↑ 5,0 5,1 «NRK: Marit Berger Røsland (H) blir ny EØS- og EU-minister». Aftenposten. 19. oktober 2017. Henta 20. oktober 2017.