Hopp til innhald

Tore Skeie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tore Skeie fødd 19. september 1977 er ein norsk historikar, sakprosaforfattar og kritikar. Han er kjend som forfattar av artiklar med tema frå norsk mellomalder.


Skeie debuterte i 2009 med boka Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergangSpartacus forlag i Oslo, etter å ha vunne konkurransa om det beste historiske bokmanuskriptet som dette forlaget hadde lyst ut. Boka vart særs godt motteke av kritikarane. Den andre boka av Skeie, Jomfruen fra Norge, som kom ut i 2012, fekk likeeins særs god omtale. Denne boka vart nominert til kritikarprisen i kategorien for sakprosa.

Skeie er òg kjend som spaltist og bokmelder i dagsavisa Klassekampen.

Bibliografi

  • 2009 – Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergang
  • 2012 – Jomfruen fra Norge

Bakgrunnsstoff