Hopp til innhald

Glomfjord kraftverk

Koordinatar: 66°47′49″N 14°00′04″E / 66.79694°N 14.00111°E / 66.79694; 14.00111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 14. august 2016 kl. 09:57 av Anne-Sophie Ofrim (diskusjon | bidrag)

66°47′49″N 14°00′04″E / 66.79694°N 14.00111°E / 66.79694; 14.00111

Glomfjord kraftverk, bygning teikna av Olaf Nordhagen.
Foto: Matti Paavola

Glomfjord kraftverk er eit vasskraftverk ved Fykan inst i Glomfjorden i Meløy kommune i Nordland fylke.

Kraftverket nyttar eit fall på 464 meter mellom Nedre Navarvatnet og havnivå. Nedre Navervatnet er magasin for verket og det er regulert mellom 468 og 462 moh.

Produksjonen starta i 1920, og verket vart utvida under andre verdskrigen. Kraftverket har seks turbinar, men frå 1994 har dei berre køyrd aggregat 3. Årsaka er at størstedelen av vatnet som før vart brukt i kraftverket, nå vert overført til Svartisen kraftverk. Det er installert ein Peltonturbin på 20 MW. Middels årsproduksjon er på 85 GWh.

Sjølve kraftstasjonen legg i dagen, og er eit monumentalt bygg, teikna av arkitekt Olaf Nordhagen. Delar av kraftverket vart skadd under sabotasjeaksjonar i 1942.

Eigar er Statkraft

Kjelder

Bakgrunnsstoff