Hopp til innhald

Guglielmo Libri Carucci dalla Sommaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 24. juni 2015 kl. 14:39 av Federico Leva (BEIC) (diskusjon | bidrag) (+img)
Histoire des sciences mathématiques en Italie, 1838

Guglielmo Brutus Icilius Timeleone Libri Carucci dalla Sommaja 1. januar 180328. september 1869 var ein italiensk matematikar.

Han var professor i Pisa i 1823 og i Paris frå 1832. I 1850 vart han tiltalt for tjuveri i stor stil av sjeldne manuskript og bøker frå franske bibliotek, men flykta til England og unngjekk straff. Det har vore reist tvil om skuldingane var riktige. Namnet til Libris er knytt til den kjende Parisaravhandlinga til Niels Henrik Abel, som etter å ha vore forseinka i mange år kom ut i 1841. Libri las korrektur på avhandlinga, men manuskriptet forsvann på mystisk vis og vart seinare ettersøkt til ingen nytte. Professor Viggo Brun fann i 1955 det meste av manuskriptet i eit lite italiensk bibliotek.

Kjelder

«Guglielmo Icilius Brutus Libri» i Store norske leksikon, snl.no.