Lunde i Telemark
Lunde | |||
stad | |||
Lunde kyrkje frå 1872
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Nome | ||
Areal | 1,59 km² | ||
Folketal | 1 524 (2023) | ||
Folketettleik | 958 / km² | ||
Postnummer | 3825 LUNDE | ||
Innbyggjarnamn | lundehering | ||
Preposisjon | i Lunde | ||
Ferdselsårer | 359 Sørlandsbanen Telemarkskanalen | ||
Lunde i Telemark 59°17′28″N 9°06′30″E / 59.29111111°N 9.10833333°E |
Lunde er ei bygd og ein tettstad i Nome kommune i Telemark fylke. Her ligg Lunde kyrkje.
Bjervamoen tettstad
Tettstaden i Lunde kallast oftast Bjervamoen. Han har 1 524 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg 11 km vest for kommunesenteret Ulefoss og 16 km sør for Bø. Staden har vakse fram som stasjonsby ved Sørlandsbanen, der jarnbanestrekninga (Oslo-)Nordagutu-Lunde opna 1925, mens strekninga fram til Kristiansand blei ferdig først i 1938.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling i Bjervamoen | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1930 | 417 | |||
1946 | 540 | |||
1950 | 646 | |||
1960 | 826 | |||
1970 | 1 500 | |||
1980 | 1 653 | |||
1990 | 1 515 | |||
2000 | 1 288 | |||
2009 | 1 512 | |||
2012 | 1 506 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |
Lunde sokn
Lunde sokn høyrde til Bø prestegjeld fram till 1867, då dei to sokna Lunde og Ytre Flåbygd blei utskilde og danna Lunde prestegjeld. I 2002 blei Lunde og Ytre Flåbygd slegne saman til eitt sokn, Lunde og Flåbygd sokn, som i 2013 hadde omtrent 2 875 inbyggjarar, 315 av dei i gamle Flåbygd.
Lunde kommune
Samstuneds som Lunde prestegjeld blei utskilt frå Bø prestegjeld blei det også oppretta som Lunde kommune (2 257 innbyggjarar) etter å ha høyrt til Bø kommune. Lunde kommune (då med 3 080 innbyggjarar) og storparten av Holla kommune blei slegne saman i 1964, då Nome kommune vart skipa.
Næringsliv
Lundeheringane lever mest av av småindustri og offentleg tenesteyting, og i tillegg er det mange som pendlar ut av bygda. Landbruket har minka i betydning.
I Lunde blei Trollbilen produsert ei kort tid på 1950-talet.
Språk
Målet i Lunde har høyrt til austtelemåla, med tjukk L av både historisk L (kLam i handa) og gamalnorsk rð (nypløgd joLe). Det er det sørlegaste av desse måla, med typiske pronomenformer som me, konn og dekkan, men samstundes med innslag av vikværske trekk som t.d. ulydt langform av sterkt presens (kommer, graver) og ein del monoftongering (hørt, kjørt). Språket til dei seinare par generasjonane har utvikla seg i retning av grenlandsmål.
I 1908 blei nynorsk innført som målform i nokre skulekrinsar i Lunde, og etter ytterlegare nokre år hadde omtrent 90% av skulebarna i kommunen nynorsk som skulemål. Frå 1960-talet minka talet på nynorskelevar stort. Den siste nynorskskulen, i Svenseid, blei nedlagd i 2009.
Sjå òg
Andre nettstader
Kjelder
- SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Telemark»
- Kristian Hanto: Språkbruk og språkhaldningar i eit språkdelt skulemiljø : Ungdomsspråk i Lunde i Telemark. Bø: Høgskolen i Telemark 1995.