John Wallis
Utsjånad
John Wallis 23. november 1616–28. oktober 1703 var ein engelsk matematikar og teolog. Han var ein av grunnleggarane av the Royal Society.
Han var professor i matematikk i Oxford frå 1649 og seinare hoffprest hos Karl II. Dei matematiske arbeida hans medverka til å skape grunnlaget for differnesialrekninga. I hans Arithmetica infinitorum frå 1655, studerer han uendelege rekkjer og gjev her sitt kjende uttrykk for talet π som eit uendeleg produkt. Av dei andre matematiske arbeida hans finn ein Mathesis universalis frå 1657 og Treatise on Algebra frå 1685, der han utvidar det algebraiske teiknspråket, innfører negative eksponentar og eit spesielt teikn for uendeleg.
Kjelder
- John Wallis. (2011-11-30) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/John_Wallis