Hopp til innhald

Syndikalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 8. april 2013 kl. 14:23 av Addbot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna 24 interwikilenkjer som er flytte til d:q49780Wikidata)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Syndikalisme (også kalla tradeunionisme) er ei retning innan arbeidarrørsla som har som mål at arbeidarklassen skal styra samfunnet gjennom fagforeiningar og at statsmakt i eigentleg forstand skal slutta å eksistera. Ordet kjem av det franske «syndicat» som tyder samanslutning.

Anarkosyndikalisme er ei retning som kombinerer anarkisme og syndikalisme.

Innan den norske Fagopposisjonen (Fagopposisjonen av 1911), der Martin Tranmæl var ein sentral figur, hadde syndikalistiske idear stor innverknad.