Hopp til innhald

Pipeorgel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 24. oktober 2004 kl. 10:10 av Jarle (diskusjon | bidrag) (cat:)
Fil:Pipeorgel.jpg
Orgelet i Bälinge kyrka, Sverige

Eit pipeorgel er eit tangentinstrument med piper. Pipene kan vera laga anten av tre eller metall, og luft vert pressa gjennom dei for å laga ljod. Pipeorgelet er best kjent frå kyrkjemusikken, men ein finn det òg i nokre synagoger, i konsertsalar, kinoar og private heimar. Ein orgelspelar vert ofte kalla organist eller (i kyrkja) kantor.

Teknisk utgreiing

Pipene er ordna i stemmer (eller register), som kan koplast inn og ut med registertrekk. Dei viktigaste stemmesortane er prinsipalar, fløyter, tungestemmer og mutasjonar. Somme er laga for å høyrast ut som eit anna instrument (t.d. trompet, blokkfløyte, obo), medan andre (t.d. prinsipal, mixtur, unda maris) berre finst i orgelet.

Stemmene er ordna i verk. Dei vanlegaste verka vert kalla hovudverk, svellverk og pedalverk. Hovudverket er grunnlaget for resten av orgelet, med dei bærande prinsipalstemmane. Svellverket står i ein kasse med veggar som kan opnast og lukkast av organisten, noko som gjer det mogleg å variera ljodstyrken. Andre verk ein kan finna i eit orgel er oververk, brystverk, ryggpositiv og fjernverk.

Kvart verk er oftast bunde til eit manual (tangentrekkje), unnateke pedalverket som er bunde til eit sett fotpedalar. Det vanlege manualomfanget i Noreg er C-g3, i USA C-c4, medan fotpedalane går frå C-f1 eller g1.

Manual, pedal og registertrekk er bygde inn i ein spelepult. Spelepulten kan vera kopla til orgelet med mekanikk, elektrisitet, lufttrykk (pneumatikk) eller med ei sambinding av elektrisitet og lufttrykk (elektropneumatikk).

Vidgjetne orgelbyggjarar

Vidgjetne orgelkomponistar