Ordforråd
Utsjånad
Ordforrådet i eit språk er settet av medlemmane i dei opne og lukka ordklassene.
Me kan òg snakka om ordforrådet til ein enkeltperson. Det aktive ordforrådet er mengda ord han bruker når han taler eit visst språk, det passive er talet på ord han forstår.
Storleik
I teorien er ordforrådet i eit språk uendeleg stort, i og med at det alltid er mogleg å danne nye ord, ved hjelp av samansetjing, avleiing og lån.
Viss vi konsentrerer oss berre om talet på røter, er det som regel berre mellom 10 000 og 20 000 røter i eit språk, i språk med få lånord og godt utvikla avleiingsprosessar til og med færre.