Hopp til innhald

Alfred Marshall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 5. juni 2011 kl. 21:53 av WikitanvirBot (diskusjon | bidrag) (r2.7.1) (robot la til: hu:Alfred Marshall)

Alfred Marshall 26. juli 184213. juli 1924 var ein britisk økonom. Han blir rekna som ein av pionérane innan nyklassisk økonomi. Marshall blir gjerne omtala som den store økonomiske lærebokforfattaren på slutten av 1800-talet, og hadde mange seinare berømte økonomer som studentane sine, mellom andre John Maynard Keynes.

Innan mikroøkonomi vil mange kjenne til loven om tilbod og etterspørsel og den marshallske versjonen av konsumentoverskot som viktig bidrag frå Alfred Marshall. Marshall-Lerner-vilkåret, som fortel korleis ei valutakursendring påverkar handelsbalansen, er kjent frå makroøkonomi.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.