Hopp til innhald

Volda kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volda kommune
kommune
Land  Noreg
Adm.senter Volda
Areal 876,87 km²
 •  vatn 22,577214184648874 km²
Målform Nynorsk
Ordførar Sølvi Dimmen (1. januar 2020)[1] (Sp)
Kommunenr. 1519
Kart
Volda kommune
62°08′48″N 6°04′05″E / 62.14678°N 6.068°E / 62.14678; 6.068
[[Fil: NO 1519 {{{namn}}}.svg |200 px|none| Kart som viser Volda kommune. ]]
Kart som viser Volda kommune.
Wikimedia Commons: Volda
Nettstad: www.volda.kommune.no


Volda er ein kommune i Møre og Romsdal med ca 8000 innbyggjarar. I nord- og austleg retning frå Volda finn vi Ørsta, i sørleg retning Hornindal og Eid, og mot vest finn vi Vanylven.

Volda Kommune ligg ved Voldsfjorden der vi har kommunesenteret på austsida og Folkestad på vestsida av fjorden. Fjorden har sidearmane Dalsfjorden med bygdene Velsvik, Lauvstad, Innselset, Åmelfot, Steinsvik, Dale; Austefjorden med bygdene Hartåbygda, Kalvatn, Høydal, og Kilsfjorden med bygdene Bjørneset, Straumshavn, Kile og Bjørkedalen.

Kommunesenter er tettstaden Volda, med Høgskulen i Volda, sjukehus og høgteknologisk industri. Den lokale avisa her er Avisa Møre, som også er Noregs eldste lokalavis.

Mork og Egset er ein "forstad" til Volda og ligg ca. 3 km. vestover frå Volda sentrum, eit steinkast frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden. Eit av Noregs første trykkeri, Aarflot prenteverk, har sitt opphav her. Det er også eit museum i bygda som inneheld gamle trykkerimaskiner frå Aarflot prenteverk.

Historikk

Volda vart etablert som Volda formannskapsdistrikt i 1837. 1. august 1883 vart Ørsta trekt frå og etablert som eigen kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 3.485 innbyggjarar, Ørsta 2.070.

1. januar vart garden Ytrestølen i Ørsta med 13 innbyggjarar ført tilbake til Volda.

1. juli 1924 vart Dalsfjord trekt frå som eigen kommune med 960 innbyggarar. Volda hadde 4.715 innbyggjarar etter oppdelinga.

1. januar 1964 ble Dalsfjord igjen ein del av Volda kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 6.056 innbyggjarar og Dalsfjord 1.151, slik at den nye Volda kommune total hadde eit innbyggjartal på 7.207.

Tettstadar i Volda kommune

Kjende folk frå Volda kommune

På verdsveven

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  1. «Ordførar».