Mikhail Kalinin
Mikhail Ivanovitsj Kalinin russisk: Михаил Иванович Калинин) 19. november 1875–3. juni 1946, fødd i Werchnjaja Troiza, død i Moskva) var ein russisk kommunistisk politikar. Han var offisielt statsoverhovud i Sovjetunionen frå 1919 til 1946. Inntil 1938 var han formann i sentraleksekutivkomiteen, og deretter president i presidiet i det øvste sovjetet.
Kalinin hadde m.a ansvaret for Katyn-massakren, som han gav den formelle ordren til.
Kalinin gav namn til Kaliningrad då den tidlegare tyske byen som før heitte Königsberg skulle få det nye russiske namnet sitt. Det er ikkje kjent at Kalinin nokosinne vitja området. Oppkalt etter Kalinin var òg byen Kalinin, som i 1990 fekk tilbake det opphavlege namnet sitt Tver, i ljos av Kalinin si rolle som ein av Stalin si fremste handlangarar. Også ein by utanfor Moskva som vart grunnlagd i 1938 heitte Kaliningrad fram til 1995 då han fekk namnet Koroljov.
Kjelde
- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta måndag 21. februar 2011, klokka 13:29.