Hopp til innhald

Everybody's in Show-Biz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 9. november 2010 kl. 07:50 av MerlLinkBot (diskusjon | bidrag) (Bot: repairing outdated link allmusic.com)
Everybody's in Show-Biz
Studioalbum av The Kinks
Språk engelsk
Utgjeve 25. august 1972
Innspelt Mars til juni 1972 i Morgan Studios, London og Carnegie Hall
Sjanger Rock
Lengd 69:26
Selskap RCA
Produsent Ray Davies
Kritikk
The Kinks-kronologi 
Muswell Hillbillies
(1972)
Everybody's in Show-Biz Preservation: Acts 1 & 2
(1973)


Everybody's in Show-Biz er eit dobbeltalbum av det engelske rockebandet The Kinks frå 1972. Den første plata av albumet inneheld studioinnspelinga, medan den andre plata inneheld songar frå to konsertar i Carnegie Hall.

Everybody's in Show-Biz vert ofte sett på som eit overgangsalbum for The Kinks og markerte ei ny retning i låtskrivarstilen til Ray Davies mot ein meir teatralsk, rar og varietéliknande stil. Det vert òg av dei fleste musikkritikarar rekna som slutten på «gullalderen» til The Kinks.

Albumet var det første der Davies utforskar slitet det er å vere rockestjerne og kor monotont turnelivet kan vere. Davies nyttar som vanleg kløkt og skarpe tekstar for å skildre rockelivet, men det er òg ein dis av keisamheit og sorg over mange av desse songane, mest tydeleg i dei retrospektive «Sitting in my Hotel» og «Celluloid Heroes».

Innhald

Alle songar er skrivne av Ray Davies, bortsett frå der andre er nemnde.

Plate ein
Nr.TittelLengd
1.«Here Comes Yet Another Day»3:53
2.«Maximum Consumption»4:04
3.«Unreal Reality»3:32
4.«Hot Potatoes»3:25
5.«Sitting in my Hotel»3:20
6.«Motorway»3:28
7.«You Don't Know My Name» (Dave Davies)2:34
8.«Supersonic Rocket Ship»3:29
9.«Look a Little on the Sunnyside»2:47
10.«Celluloid Heroes»6:19
Plate to
Nr.TittelLengd
11.«Top of the Pops»4:33
12.«Brainwashed»2:59
13.«Mr. Wonderful» (L. Holofcener, G.D. Weiss, J.L. Bock)0:42
14.«Acute Schizophrenia Paranoia Blues»4:00
15.«Holiday»3:53
16.«Muswell Hillbilly»3:10
17.«Alcohol»5:19
18.«The Banana Boat Song (Day-O)» (W.A. Attaway, I. Burgie)1:42
19.«Skin og Bone»3:54
20.«Baby Face» (Benny Davis, H. Akst)1:54
21.«Lola»1:40


Bonusspor på CD-utgåve
Nr.TittelLengd
22.«Till the End of the Day»2:00
23.«She's Bought a Hat Like Princess Marina»3:04

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Everybody's in Show-Biz» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: