Eidsborg
Eidsborg | |||
stad | |||
Eidsborgtjønni og gardane på søraustsida sett frå kyrkjegarden ved Eidsborg stavkyrkje.
Foto: Falk Lademann | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Tokke | ||
Postnummer | 3880 DALEN | ||
Preposisjon | i Eidsborg | ||
Ferdselsårer | Eidsborg | ||
Eidsborg 59°27′54″N 8°01′19″E / 59.465°N 8.022°E | |||
Wikimedia Commons: Eidsborg |
Eidsborg er ei bygd i Tokke kommune i Telemark fylke. Staden ligg seks kilometers køyring nordom kommunesenteret Dalen, og har vegsamband sørover til Dalen og austover til Europaveg 134 via Riksveg 45. Eidsborg ligg på over 500 moh. og er ei fjell- og skogsbygd.
I Eidsborg ligg Eidsborg stavkyrkje frå slutten av 1200-talet og hovudavdelinga til Vest-Telemark Museum med mellom anna Stålekleivloftet frå kring 1170. Tømmeret i loftet er årringsdatert til kort etter 1167, noko som gjer Stålekleivloftet til det eldste daterte profane trebygget i Noreg.[1]
I fjella kring Eidsborg har det vorte teke ut brynestein frå 700-talet til ut i 1970-åra frå mange steinbrot. Bryna og bryneemna vart frakta ned til Dalen og derfrå ut til kysten på Telemarksvassdraget.[2] Eidsborgbryna vart derfrå eksporterte til Norden og resten av Europa.[3]
Referansar
- ↑ «Vindlausloftet eller Stålekleivloftet» på nettstaden til Vest-Telemark Museum
- ↑ Vest-Telemark Museum: Brynesteinsproduksjon i Eidsborg
- ↑ Øystein Morten (2008). Stavkyrkja i Eidsborg : Ein biografi. Oslo: Scandinavian Academic Press/Spartacus Forlag. s. 16. ISBN 978-82-304-0037-1.