Hopp til innhald

Jukse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 10. april 2024 kl. 07:50 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (top: rydda/retta using AWB)

Ei jukse, eller ein hil, er ein fiskereiskap for fiske frå småbåt. Ordet kjem frå norrønt djúpshǫfn som tyder «djupsagn». På engelsk heiter det "jigging"

Juksa består av

  • ei sule til å vinde fiskesnøre på,
  • fiskesnøre for å fiske like over havbotnen,
  • ein pilk, d.v.s. eit synkelodd med ongul. Pilken imiterer ein fisk.
  • om ein vil, fleire småonglar festa på snøret ovom pilken. Til desse onglane kan det vere festa ein imitasjon av ein mark eller ein liten fisk.

Ved fiske med jukse firer fiskaren juksa til botna, og han dreg snøret opp og ned eit par famner over botn til fisken bit på ein av onglane. Juksa brukast mellomanna ved fiske etter torsk.

I 1960 vart juksemaskinen oppfunnen av Thorbjørn Christiansen i Nyksund.

Litteratur