Hopp til innhald

Tanzaniansk shilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 14. juli 2019 kl. 09:12 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (Laga gjennom omsetjing av sida «Tanzaniansk shilling»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Tanzaniansk shilling

Land Tanzania
Delt i100 cent
Innført1966

Tanzaniansk shilling (swahili: shilingi, engelsk: shilingi) er valutaen i Tanzania. han er oppdelt i 100 senti (eng. cent). Den tanzanianske shillingen blei innført i 1966 og erstatta austafrikansk shilling.

Tidlegare mynteiningar i Tanzani er austafrikansk florin, austafrikansk rupi, zanzibarsk rupi, zanzibarsk riyal og tysk austafrikansk rupi.

Myntar

Ved innføringa av shillingen i 1966 blei det sett i sirkulasjon myntar på 5, 20 og 50 cent og dessutan 1 shilling. I takt med inflasjonen har ein gradvis innført myntar med høgare verdi. Myntar som er i sirkulasjon i dag er verdt 50, 100 og 200 shilling.

Setlar

I 1966 innførte Benki Kuu Ya Tanzania pengesetlar med verdiane 5, 10, 20 og 100 shilling. Desse har gradvis blitt erstatta av myntar. Setlar som er i sirkulasjon i dag har verdiane 500, 1000, 2000, 5000 og 10 000 shilling.