Elisa: Skilnad mellom versjonar
→Album: vask og rydd |
|||
Line 56: | Line 56: | ||
|- |
|- |
||
|align="left" valign="top"|[[Musikk i 2002|2002]] |
|align="left" valign="top"|[[Musikk i 2002|2002]] |
||
|align="left" valign="top"|'' |
|align="left" valign="top"|''Elisa'' (internasjonalt album) |
||
|- |
|- |
||
|align="left" valign="top"|[[Musikk i 2003|2003]] |
|align="left" valign="top"|[[Musikk i 2003|2003]] |
||
|align="left" valign="top"|'' |
|align="left" valign="top"|''Lotus'' |
||
|- |
|- |
||
|align="left" valign="top"|[[Musikk i 2004|2004]] |
|align="left" valign="top"|[[Musikk i 2004|2004]] |
||
Line 71: | Line 71: | ||
|- |
|- |
||
|align="left" valign="top"|[[Musikk i 2008|2008]] |
|align="left" valign="top"|[[Musikk i 2008|2008]] |
||
|align="left" valign="top"|''Dancing'' ( |
|align="left" valign="top"|''Dancing'' (berre USA og Canada) |
||
|} |
|} |
||
Versjonen frå 12. juni 2008 kl. 10:28
Elisa Toffoli | |||
Elisa opptrer på ein konsert i Firenze i januar 2007. | |||
Fødd | 19. deesember 1977 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Trieste | ||
Opphav | Italia | ||
Aktiv | 1996 - | ||
Sjanger | Pop og rock | ||
Instrument | Sang, piano og gitar | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Plateselskap | Sugar srl | ||
Gift med | Andrea Rigonat | ||
Prisar | Targa Tenco, Festival della Canzone Italiana di Sanremo, Q3870550 |
Elisa, fullt namn Elisa Toffoli fødd 19. desember 1977, er ein italiensk artist som skriv og spelar musikk innan fleire sjangerar, hovudsakleg rock, blues, soul og ambient. I motsetnad til fleirtalet av kvinnelege, italienske artistar, skriv og syng ho i hovudsak på engelsk. I Noreg er ho mest kjent for singelen Come Speak to Me som blei spelt mykje, mellom anna på NRK P1 og P3 hausten 2002. Låta var og med på McMusics samle-CD Woman V.
Barndom og oppvekst
Elisa blei fødd i Monfalcone i provinsen Gorizia i nordaust-Italia, og viste alt som barn store kunstnariske evner innan dans, måling, deklarasjon og novelleskriving. Kjærleiken for kunst vaks gjennom dikt av Rudyard Kipling og sangtekstane til Jim Morrison i The Doors, men talentet hennar kjem best fram i musikken. Ho skreiv sin fyrste sang med tekst som elleveåring og opptrådte i eit TV-sendt karaokeprogram som femtenåring.
Karriere
Debut og italiensk gjennombrot
I mai 1997 blei Elisas fyrste single Sleeping in Your Hand utgjeven, snart fylgt av debuten Pipes & Flowersprodusert av Corrado Rustici. Rustici har elles produsert artistar som Whitney Houston, Aretha Franklin og Zucchero. Alle låtane var heilt eller delvis sjølvskrivne, og albumet selte snart til trippel platina i Italia. Seinare spelte ho inn nok ein singel, Cure Me produsert av Darren Allison, som tidlegare hadde arbeidd med Skunk Anansie og Spiritualized. Sporet er på nyutgjevinga av Pipes & Flowers.
Oppfylgjaren Asile's World (Asile er Elisa skrive baklengs) blei utgjeven 5. mai 2000. Denne gongen hadde ho arbeidd med mange produsentar; Darren Allison, Howie B, Roberto Vernetti, Mauro Malavasi og Leo Z. I desember 2000 spelte ho for fyrste gong inn ein låt på italiensk, Luce (tramonti a nord est. Låta var opprinneleg skriven på engelsk, men blei omsett til italiensk i samarbeid med mor hennar og Zucchero. Låta blei presentert på Sanremo-festivalen, der ho opptrådte i lag med Solis String Quartet. Framføringa gav ho kritikerprisen, og nyutgjevinga av Asile's World inneheld både engelsk og italiensk versjon av låta.
26. november vann ho tri prisar ved Italian Music Awards: Beste kvinnelege artist, Beste singel og Beste låt. Våren etter fekk ho au Premio Italiana della Musicas Beste kvinnelege artist og Beste singel. Eitt år seinare, 9. november 2001, kom tredjealbumet Then Comes the Sun, nok ein gong produsert av Rustici. Albumet selte til dobbel platina. Elisa hadde òg ei ærefull oppgåve ved avslutningsseremoniet av dei olympiske leikane i Salt Lake City 2002, der ho framførte ein jazzversjon av Italias nasjonalsang etter overrekkinga av OL-flagget til Italia, som skulle arrangere OL i Torino fire år etter.
Internasjal satsing og akustisk album
I august 2002 gav plateselskapet Sugar ut eit internasjonalt album kalt Elisa, som nærmast er ei samleplate basert på dei tri italienske albuma ho hadde laga. Den originale versjonen av Luce, Come Speak to Me, blei såelt mykje på MTV Europe og fleire europeiske radiostasjonar, au i Noreg, men klarte likevel ikkje å etablere Elisa som ein internasjonal artist. Elisa gav igjen ut ein låt med italiensk tekst i 2003, ein coverlåt kalt Almeno tu nell'universo. Seinare same år gav ho ut albumet Lotus, som inneheldt nye, akustiske versjonar av gamle låtar og nokre nye, mellom anna ein versjon av Leonard Cohens Hallelujah, ei låt som få år seinare gjekk som ein farsott over Noreg i ein versjon av Espen Lind, Alejandro Fuentes, Askil Holm og Kurt Nilsen.
15. oktober 2004 kom femtealbumet Pearl Days, produsert av Glen Ballard, kanskje best kjent som mannen bak Alanis Morissettes Jagged Little Pill. Singelen Una poesia anche per te, som au var opprinneleg skriven og utgjeven på engelsk som Life Goes On, blei Italias fjerde mest selde singel i 2005. Sommaren '05 spela Elisa på Romas Live 8-konsert, på same scene som mellom ande Zucchero, Luciano Ligabue og andre kjende italienske artistar. Seinare same år vann ho prisar for beste tekst og beste video for Una poesia anche per te.
Tidleg i 2006 kom Teach Me Again, ein duett med Tina Turner. Den sjølvskrivne låta var med i filmen All the Invisible Children, og blei sluppe som singel i Italia, Tyskland, Austerrike, Sveits, Hellas, Luxemburg og Spania. På same tid framførde Elisa hiten Luce ved avslutningsseremonien av Torino-OL, ved sida av artistar som Andrea Bocelli, Avril Lavigne og Ricky Martin.
"Best of"-plate og internasjonal satsing II
17. november 2006 kom Soundtrack '96-'06, ei samleplate som inneheldt singlane gjennom dei fyrste ti åra som plateartist, samt fire nye låtar, tri av dei på italiensk. Sampleplata har selt over 700 000 eksemplar i Italia, nok til diamantplate.
Utgjevingar
Album
År | Album |
---|---|
1997 | Pipes & Flowers |
2000 | Asile's World |
2001 | Then Comes the Sun |
2002 | Elisa (internasjonalt album) |
2003 | Lotus |
2004 | Pearl Days |
2003 | Soundtrack '96-'06 (samle-CD/"best of") |
2007 | Caterpillar (internasjonalt album) |
2008 | Dancing (berre USA og Canada) |
Singlar
År | Singel |
---|---|
1997 | Sleeping in Your Hand |
1997 | Labyrinth |
1998 | A Feast for Me |
1998 | Cure Me |
2000 | Gift |
2000 | Happiness Is Home |
2000 | Asile's World |
2001 | Luce (Come Speak to Me) |
2001 | Heaven out of Hell |
2002 | Rainbow |
2002 | Dancing |
2003 | Almeno tu nell'universo |
2004 | Broken |
2004 | Together |
2004 | The Waves |
2005 | Una poesia anche per te |
2005 | Swan |
2006 | Teach Me Again (med Tina Turner) |
2006 | Gli ostacoli del cuore (med Luciano Ligabue) |
2007 | Eppure sentire (un senso di te) |
2007 | Stay |