Bordvassvegen i Lom: Skilnad mellom versjonar
Rescuing 0 sources and tagging 1 as dead.) #IABot (v2.0.9.2 |
s Ref-flikk |
||
Line 9: | Line 9: | ||
Bordvassvegen er eitt av desse anlegga, og ein av dei som var lengst i bruk. Den skulle skaffe vatn til ni gardar ved [[Bøvra i Lom|Bøvra]], frå Aukrust til Andvord. Det er bevart ein kontrakt med [[Vass-Per|Peder Pedersen Dagsgardsødegård]], ogso kalla Vass-Per, frå [[1833]] som fortel om byggeplanane. Bordvassvegen byrjar 1450 meter over havet og endar på Andvord, 450 meter over havet. |
Bordvassvegen er eitt av desse anlegga, og ein av dei som var lengst i bruk. Den skulle skaffe vatn til ni gardar ved [[Bøvra i Lom|Bøvra]], frå Aukrust til Andvord. Det er bevart ein kontrakt med [[Vass-Per|Peder Pedersen Dagsgardsødegård]], ogso kalla Vass-Per, frå [[1833]] som fortel om byggeplanane. Bordvassvegen byrjar 1450 meter over havet og endar på Andvord, 450 meter over havet. |
||
Bordvassvegen var i bruk heilt fram til 1986. I dag blir vassvegen anbefalt som turstig.<ref>{{Kjelde www |url= http://www.visitlom.com/uploads/documents/Vassvegbrosjyre_norsk.pdf|tittel= Bordvassvegen i Lom|besøksdato= 2008-08-12 |forfattar= visitLom.com |
Bordvassvegen var i bruk heilt fram til 1986. I dag blir vassvegen anbefalt som turstig.<ref>{{Kjelde www |url= http://www.visitlom.com/uploads/documents/Vassvegbrosjyre_norsk.pdf|tittel= Bordvassvegen i Lom|besøksdato= 2008-08-12 |forfattar= visitLom.com}}</ref> |
||
== Referansar == |
== Referansar == |
Siste versjonen frå 3. mai 2023 kl. 15:47
Bordvassvegen i Lom er eit kanalsystem for vatning av jord, hovudsakleg til korndyrking. Slike system med kanalar og vassveiter var vanleg i Ottadalen på 1700- og 1800-talet, og var ein føresetnad for gode kornavlingar. Årsnedbøren er mange stadar berre 300 mm. «Gje vår Herre sol, ska oss sjølve skaffe væte», sa folk i Ottadalen.
Vassvegane vart bygde frå kanten av isbreane i fjellet, og heilt fram til jorda. Det kunne ogso byggjast småe demningar framfor brekanten. Det var stor variasjon i lengda til vessveitene. Den kortaste er berre 300 meter medan den lengste er på heile 20 kilometer.
68 anlegg av denne typen er registrert i Lom.
Vassveiter, hogd ut av tømmerstokkar, var det tekniske grunnlaget for dei fyrste vassvegane av denne typen.
Bordvassvegen er eitt av desse anlegga, og ein av dei som var lengst i bruk. Den skulle skaffe vatn til ni gardar ved Bøvra, frå Aukrust til Andvord. Det er bevart ein kontrakt med Peder Pedersen Dagsgardsødegård, ogso kalla Vass-Per, frå 1833 som fortel om byggeplanane. Bordvassvegen byrjar 1450 meter over havet og endar på Andvord, 450 meter over havet.
Bordvassvegen var i bruk heilt fram til 1986. I dag blir vassvegen anbefalt som turstig.[1]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ visitLom.com. «Bordvassvegen i Lom» (PDF). Henta 12. august 2008.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Elling Alsvik: Vatning i Lom og Skjåk. Magistergradsavhandling i etnologi ved Universitetet i Oslo.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bordvassvegen i Lom : Vandring langs ein vassveg[daud lenkje] hjå visitlom.com