Hagekjørvel: Skilnad mellom versjonar
Inkje endringssamandrag |
|||
Line 6: | Line 6: | ||
''Hagekjørvel'' er ein [[eittårig plante]] med ein opprett, buska vekst. [[Stengel|Stengelen]] har rundt tverrsnitt og er hol og glatt, men hårete ved basis til [[lauv|blada]]. Blada er eggforma og fleire gonger fjørdelte med tannete rand. Dei kan minna om [[persille]]blad. Oversida er grasgrøn, medan undersida er lysegrøn. |
''Hagekjørvel'' er ein [[eittårig plante]] med ein opprett, buska vekst. [[Stengel|Stengelen]] har rundt tverrsnitt og er hol og glatt, men hårete ved basis til [[lauv|blada]]. Blada er eggforma og fleire gonger fjørdelte med tannete rand. Dei kan minna om [[persille]]blad. Oversida er grasgrøn, medan undersida er lysegrøn. |
||
Planten |
Planten blomstrar i mai-juni. [[Blome|Blomane]] finst samla i side- og endestilte [[Blomestand|skjermar]]. Einskildblomar er femtalige og regelmessige bortsett frå randblomane til kvar skjerm, som har forlenga [[kronblad]] mot utsida. Kronblada er kvite. [[Frø|Frøa]] er [[Nøtt|nøtter]] med eit kort nebb. |
||
[[Røter|Rotsystemet]] består av ei kort, |
[[Røter|Rotsystemet]] består av ei kort, loddrett pålerot med nokre få, grove siderøter. |
||
== Utbreiing == |
== Utbreiing == |
Versjonen frå 17. juli 2022 kl. 05:06
- «kjørvel» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå kjørvel (fleirtyding).
Hagekjørvel | |
Hagekjørvel | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Skjermplanteordenen Apiales |
Familie: | Skjermplantefamilien Apiaceae |
Slekt: | Hundekjeksslekta Anthriscus |
Art: | Hagekjørvel A. cerefolium |
Vitskapleg namn | |
Anthriscus cerefolium |
Hagekjørvel (Anthriscus cerefolium) er ein urt på 25-80 cm som blir dyrka som krydderurt og finst forvilla ved busetnader og avfallsplassar.
Skildring
Hagekjørvel er ein eittårig plante med ein opprett, buska vekst. Stengelen har rundt tverrsnitt og er hol og glatt, men hårete ved basis til blada. Blada er eggforma og fleire gonger fjørdelte med tannete rand. Dei kan minna om persilleblad. Oversida er grasgrøn, medan undersida er lysegrøn.
Planten blomstrar i mai-juni. Blomane finst samla i side- og endestilte skjermar. Einskildblomar er femtalige og regelmessige bortsett frå randblomane til kvar skjerm, som har forlenga kronblad mot utsida. Kronblada er kvite. Frøa er nøtter med eit kort nebb.
Rotsystemet består av ei kort, loddrett pålerot med nokre få, grove siderøter.
Utbreiing
Planten har det naturlege utbreiingsområdet sitt i Midtausten, Kaukasus, Sentral-Asia og i Aust- og Sør-Europa. I Norden kan ein finna han forvilla frå hagedyrking. Arten er tilpassa lysopne eller halvskygga voksestader med ein jordbotn som er middels fuktig og næringsrik.
Bruk
Blada blir brukt friske eller frosne som krydder til suppe, sausar, salatar, kylling, egg- og fiskeretter. Heile planten luktar aromatisk, og minnar om anis.
Sjå òg
Fotnotar
- Denne artikkelen bygger på «Havekørvel» frå Wikipedia på dansk, den 1. september 2020.