Rosshavet: Skilnad mellom versjonar
s Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida |
s Fikser Spesial:Lint-Feil |
||
Line 36: | Line 36: | ||
<div class="references-small"> |
<div class="references-small"> |
||
*''Denne artikkelen bygger på «[[:en:Ross Sea|Ross Sea]]» frå {{Wikipedia-utgåve|en}}, den 30. november 2012.'' |
*''Denne artikkelen bygger på «[[:en:Ross Sea|Ross Sea]]» frå {{Wikipedia-utgåve|en}}, den 30. november 2012.'' |
||
**''{{Wikipedia-utgåve|en}} oppgav desse kjeldene: |
**''{{Wikipedia-utgåve|en}} oppgav desse kjeldene:'' |
||
</div> |
|||
{{fotnoteliste}} |
|||
</div> |
|||
== Bakgrunnsstoff == |
== Bakgrunnsstoff == |
Versjonen frå 24. mai 2022 kl. 11:06
Rosshavet | |||
bukt | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Del av | Sørishavet | ||
Koordinatar | 75°S 175°W / 75°S 175°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Rosshavet 75°S 175°W / 75°S 175°W | |||
Wikimedia Commons: Ross Sea |
Rosshavet er ei stor bukt i Sørishavet i Antarktis mellom Victoria Land og Marie Byrd Land.
Skildring
Rosshavet vart oppdaga av James Ross i 1841. Vest i Rosshavet ligg Ross Island med vulkanen Mount Erebus, i aust ligg Roosevelt Island. Den sørlege delen av bukta er dekt av Rossisen.[1] Roald Amundsen starta ekspedisjonen sin mot Sørpolen i 1911 frå Hvalbukta, som ligg i sjølve isen. Vest i Rosshavet ligg McMurdo Sound som er ei hamn som vanlegvis er isfri om sommaren. Den sørlegaste delen av Rosshavet er Gould Coast, som ligg kring 300 km frå Den geografiske sørpolen.
Alle landmassar i Rosshavet er gjort krav på av New Zealand og høyrer til Ross Dependency.
Økologisk tyding og bevaring
Dyre- og plantelivet i Rosshavet liknar andre marine regionar i det sørlege Antarktis. Særleg om sommaren fører det næringsrike vatnet til mykje plankton her, som igjen gjev næring for større artar, som fisk, sel, kval og sjøfugl.
Langs kysten av bukta finn ein hekkestader for adeliepingvin og keisarpingvin, som det finst mange av kring Rosshavet, både mot kysten og ut mot det opne havet. [1]
Rosshavet er eit av dei siste havområda på jorda som er relativt urørt av menneskeleg aktivitet. På grunn av dette er området nesten heilt fritt for forureining, overfiske og innføring av framande artar. Rosshavet har derfor vorte eit fokusområde for miljøvernsgrupper. Rosshavet vert av marinbiologar rekna for å ha eit særs høgt biologisk mangfald. Til dømes vart ein 10 meter lang kjempeblekksprut på 495 kg fanga i Rosshavet den 22. februar 2007.
Sjå òg
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ross Sea» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Ross Sea (sea, Pacific Sea) - Britannica Online Encyclopedia». Britannica.com. Henta 30. november 2012.
Bakgrunnsstoff
- J.Glausiusz, 2007, Raw Data: Beacon Bird of Climate Change. Discover Magazine.
- Gunn, B., nd, Geology The Ross Sea Dependency including Victoria-Land Ross Sea, Antarctic, Including the Ross Sea Dependency, the Sub Antarctic islands and sea, up to New Zealand from the Pole.
- K.Hansen, 2007, Paleoclimate: Penguin poop adds to climate picture. Geotimes.
- International Polar Foundation, 2007, Interview with dr. Steven Emslie: The adeliepingvinar' Diet Shift. SciencePoles website.
- C.Michael Hogan. 2011, Ross Sea. Eds. P.Saundry & C.J.Cleveland. Encyclopedia of Earth. National Council for Science and the Environment. Washington DC
- Locarnini, R.A., 1995, the Ross Sea. Quarterdeck, vol. 1, no. 3.(Department of Oceanography, Texas A&M University, College Station, Texas.)
- «Nth Korean boats caught fishing in conservation area». Radio New Zealand. Henta 7 April 2011.