Hopp til innhald

Jelena Porsanger: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Bakgrunnsstoff: Cristin med mal
Line 51: Line 51:
== Bakgrunnsstoff ==
== Bakgrunnsstoff ==
* [https://bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com/primo-explore/search?query=any,contains,Jelena%20Porsanger&tab=default_tab&search_scope=default_scope&vid=BIBSYS&offset=0 Publikasjonar av Jelena Porsanger] i [[Bibsys|BIBSYS]]
* [https://bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com/primo-explore/search?query=any,contains,Jelena%20Porsanger&tab=default_tab&search_scope=default_scope&vid=BIBSYS&offset=0 Publikasjonar av Jelena Porsanger] i [[Bibsys|BIBSYS]]
* {{cristin|58645}}
* [http://www.cristin.no/as/WebObjects/cristin.woa/wa/personVis?type=PERSON&pnr=58645&la=no&action=sok Publikasjonar av Jelena Porsanger] i forskingsdokumentasjonssystemet CRIStin
* Siw Ellen Jakobsen. [http://www.forskningsradet.no/servlet/Satellite?c=Nyhet&cid=1250810561532&pagename=bladetforskning%2FBFRouter Med himmelen som tak] (Portrett i Bladet forsking nr 2/2007)
* Siw Ellen Jakobsen. [http://www.forskningsradet.no/servlet/Satellite?c=Nyhet&cid=1250810561532&pagename=bladetforskning%2FBFRouter Med himmelen som tak] (Portrett i Bladet forsking nr 2/2007)



Versjonen frå 10. oktober 2020 kl. 10:58

Jelena Porsanger

FøddJelena Sergejevna Semjasjkina
25. januar 1967
Loparskaja
NasjonalitetNoreg, Russland, Sovjetunionen
Yrkeetnograf, skuleleiar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Jelena Porsanger (fødd i 1967 i Loparskaja i Sovjetunionen) er ein forsker innafor samisk kultur og historie. Ho var rektor ved Samisk høgskole i Kautokeino frå 2011 til 2015.

Jelena Porsanger voks opp i landsbyen Loparskaja i innlandet av Kolahalvøya,[1] sentralt i det kildinsamiske området. Familiebakgrunnen hennar er likevel frå det skoltesamiske området nær grensa mellom Russland og Finland, og faren skal ha snakka skoltesamisk. Foreldra forska på nordlys ved Polar-geofysisk institutt ved Kola vitskaplege senter under Det russiske vitskapsakademiet, og Jelena vart difor tidleg stimulert til ein akademisk karriere.[1]

Utover 1970-talet byrja det å verta aukande interesse for det samiske, og då det kom ein samisk-russisk ordbok lærte Porsanger seg kildinsamisk på eiga hand.[1] Av farmora lærte ho i tillegg finsk, og ho drog seinare til Helsingfors for å studera, der ho òg måtte læra seg nordsamisk.[1]

I 1998 byrja Porsanger som førsteamanuensis  ved Senter for samiske studium ved Universitetet i Tromsø, i 2000 blei ho tilsett som forskar og førelesar og i 2005 som seniorforskar. Forskinga hennar på munnlege og skriftlege kjelder til den austsamiske urfolkreligionen frå det 1500- til 1900-talet førte fram til doktoravhandlinga «Bassejoga čáhci»: Gáldut nuortasámiid eamioskkoldaga birra álgoálbmotmetodologiijaid olis («Vatna i den heilage elva»: Kjeldene til den austsamiske religionen sett i lys av urfolkmetodologi.), som ho forsvarte ved Universitetet i Tromsø i januar 2006. Det var den første disputasen som hadde føregått på samisk i Noreg.[2] Porsanger har sagt at inspirasjonen til oppgåva kom frå frustrasjon over kor lite som var skrive om austsamisk kultur og religion, og at det som var skrive var «urettmessig generalisert».[1]

Ho vart tilsett ved Samisk høgskule i Kautokeino, der ho sidan 2010 har leidd eit forskingsprosjekt for utvikling av metodologi, dokumentasjon, bevaring, vern og lagring av árbediehtu – tradisjonell samisk kunnskap. 1. august 2011 vart ho rektor ved høgskulen.[3]

Porsanger har òg vore med i ekspertpanelet til SN sitt forum for urfolksaker.[3]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Siw Ellen Jakobsen (juni 2007). «Med himmelen som tak». Bladet forskning. 
  2. Randi Solhaug (20. januar 2006). «Første disputas på samisk». Universitetet i Tromsø : Nyhetstorget. Arkivert frå originalen 11. juni 2007. 
  3. 3,0 3,1 «Jelena Porsanger blir ny rektor». Samisk høgskole. 2011.  (daud lenkje juli 2017)

Bakgrunnsstoff