Hopp til innhald

Torbjørn Løkken: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Addbot (diskusjon | bidrag)
s robot: fjerna 9 interwikilenkjer som er flytte til d:q1342624Wikidata
F.bendik (diskusjon | bidrag)
Boks
Line 1: Line 1:
{{infoboks idrettsutøvar}}
'''Torbjørn Løkken''' {{fødd|28. juni|1963|Løkken}} er ein norsk, tidlegare [[kombinert]]løpar frå [[Biri]] i [[Oppland]]. 1987 var hans store sesong, han vann då [[Ski-VM 1987|VM i Oberstdorf]] individuelt og verdscupen i kombinert, samt tre verdscuprenn og noregsmeisterskapen. Løkken var medlem av Biri IL, og gjekk under tilnamnet «Biri'n».
'''Torbjørn Løkken''' {{fødd|28. juni|1963|Løkken}} er ein norsk, tidlegare [[kombinert]]løpar frå [[Biri]] i [[Oppland]]. 1987 var hans store sesong, han vann då [[Ski-VM 1987|VM i Oberstdorf]] individuelt og verdscupen i kombinert, samt tre verdscuprenn og noregsmeisterskapen. Løkken var medlem av Biri IL, og gjekk under tilnamnet «Biri'n».



Versjonen frå 19. februar 2019 kl. 19:54

Torbjørn Løkken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juni 1963 (61 år)
Gjøvik kommune
Idrett kombinert
Tok del i Vinter-OL 1988
Utmerkingar Aftenpostens Gullmedalje

Torbjørn Løkken fødd 28. juni 1963 er ein norsk, tidlegare kombinertløpar frå Biri i Oppland. 1987 var hans store sesong, han vann då VM i Oberstdorf individuelt og verdscupen i kombinert, samt tre verdscuprenn og noregsmeisterskapen. Løkken var medlem av Biri IL, og gjekk under tilnamnet «Biri'n».

Aktiv

Løkken byrja markere seg mellom dei beste kombinertrennarane i 1985-sesongen. Han fekk då to andreplassar i verdscupen i kombinert og tok bronsemedaljen i noregsmeisterskapen. Etter ein heller svak 1986-sesong kom han tilbake og var verdas beste kombinerutøvar i 1987. Gjennom sesongen vann han tre verdscuprenn og vart verdsmeister i kombinert i Oberstdorf framom landsmannen Trond Arne Bredesen. Dei same to løparane vann også VM-sølv for Noreg i lagtevlinga, saman med Hallstein Bøgseth.

Løkken vann to verdscuprenn i OL-sesongen 1988, men vart nummer seks i kombinertøvinga under dei olympiske leikane i Calgary. Han trappa ned satsinga på idretten ved sesongslutt i 1988, la opp i 1990 og utdanna seg til sjukepleiar.

Mange år seinare vart det offentleg kjent at Løkken i lang tid hadde vore rusmisbrukar.[1]

Verdscupsigrar

# Dato Sted
1 13. desember 1986  Canada Canmore
2 17. januar 1987  Frankrike Autrans
3 6. mars 1987  Sverige Falun
4 9. januar 1988  Sveits St. Moritz
5 18. mars 1988  Noreg Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

  • 1984: Nr 8 i Hof
  • 1985: Bronsemedalje i Tromsø
  • 1986: Sølvmedalje på Vang
  • 1987: Gullmedalje i Steinkjer
  • 1988: Sølvmedalje på Vang

Løkken vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1987.

Notar

Kjelder og bakgrunnsstoff

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Torbjoern Loekken – Profil og resultatoversikt hos FIS
  • (en) Torbjørn Løkken – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.